4 nye smittetilfelle i Suldal kommune

Suldal kommune har nå mottatt informasjon om at fire nye personar har testa positivt for koronavirus. 

Også desse personane er under 20 år og er elevar ved Sauda vgs avdeling Sand, Topp Volley. Personane er no isolert. 

Informasjonen smitesporingsteamet har fått tyder på også dette er kjend smitteveg. Smittesporingsteamet og personane har i samarbeid jobba med å få oversikt over kven som er nærkontaktar. Alle nærkontaktane har nå blitt kontakta og fått informasjon om kva råd dei skal følgje.

Per 03.11.21 er det 10 personar ved Sauda vidaregåande skule, avdeling Sand, som har påvist smitte med koronavirus. Det første tilfellet vart kjend onsdag 27. oktober. 9 av desse er under 20 år, og en person er mellom 20-40 år. Suldal kommune har i samråd med Folkehelseinstituttet starta med jevnleg testing av elevane 2 gonger i veka med hurtigtest, i første omgang dei neste 14 dagane for å oppdage smitte så tidleg som mogleg. 

Det er no til saman 45 personar som har testa positivt for koronavirus i Suldal kommune. Med bakgrunn i dette vil Suldal kommune nytta høvet til å minne alle om å følge dei nasjonale smittevernråda frå FHI.  

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

Laur - søn
10:00 - 13:00