11 millionar kroner i nasjonal enøk-støtte til det lokale næringslivet.
Suldal kommune er glade for at det lokale næringslivet investerar i enøk-tiltak og for at staten tar 50% av investeringskostnaden.
11 millionar til lokale verksemder
5 verksemder i Suldal mottar til saman 11 millionar kroner i støtte til tiltak gjennom Enova. Dei investerer til saman opp i mot 22 millionar kroner i enøk-tiltak. Suldal Vekst har vært ein god støtte for verksemdene i søkjeprosessen.
Vinn-vinn situasjon
Det er ein vinn-vinn situasjon. Verksemdene får lågare kostnad og Noreg får tilgong til meir energi gjennom energieffektivisering.
Kommunal tilskotsordning for enøk-tiltak
Frå neste år kan det lokale næringslivet og søkja på den kommunale tilskotsordninga for enøk-tiltak. Du finn søknadsskjema på nettsida vår når dette er klart.
Publisert av Elisabeth Bjørkhaug
Publisert 22.12.2022 12.37