Velkomen til vår nye heimeside!

Me er glade for å kunne visa deg den nye heimesida vår! Me håpar du vil like sida like godt som me gjer, og at du raskt finn informasjonen du er på leit etter. Innhold og design er nytt, og sida er framleis under utvikling.

Målet vårt har vore at innbyggjarar og andre brukarar av heimesida enkelt skal finna informasjonen dei er på leit etter. Me har arbeida ut i frå brukarundersøkinga me hadde på nyåret, og skal brukarteste heimesida i slutten av månaden. Det er eit tydelig søkefelt på sida, og me har kategorisert tenestene på ein meir brukarvennleg og strukturert måte. Heimesida er tilpassa mobil, nettbrett og data.

Er det noko du saknar?

Er det noko du saknar på sidene våre eller noko du ikkje finn? Me arbeidar kontinuerlig med å gjere sidene best mogleg for innbyggjarane og har mykje arbeid igjen. Me set pris på innspel og tips frå dykk som brukar sidene. Tilbakemeldingar kan sendast til på mail til nettredaktørar på heimesida her.