Trailervelt Kvilldalsvegen - kommunal beredskap

Fredag 28.juni velta ein stor trafo-transport på veg mot Kvilldal. Vegen er opna for små køyretøy, men det kan ta tid før vegen blir opna for fri ferdsel. Her kjem informasjon om kommunal beredskap i denne hendinga.

Kommuneleiinga blir fortløpande orientert av ABB og Statnett, og det er også ein del innbyggarar som tek direkte kontakt. Ordførar og representantar frå administrasjonen har delteke på innbyggarmøta, og i den grad det er nødvendig har me eigen kontakt med Statnett/ABB om problem som innbyggarar og næringsliv får.

Når det gjeld dei direkte beredskapstenestene er det slik:

Brann:                 

Statnett stilte tidleg ein VW Amarok til disposisjon for brannvesenet på Suldalsosen. Den kan ta med utstyr og pumpehengar. Vidare har me ein VW Amarok fremskutt enhet plassert på Sand. Begge desse bilane kan greitt passere. Vidare har me ein oversikt over bønder som har tankvogner og som kan kontaktast om det skulle være behov.

Legevakt:           

Legevaktbilen passerer utan tiltak. Begge beredskapstenestene slepp normalt  gjennom sjølv om vegen er stengt.

For ambulansen til Helse Fonna er det plassert ein VW transporter som står klar på oppsida av velten. Båre og nødvendig utstyr vert då flytta frå ambulansen og over i denne bilen.

Mannskap frå brann og ambulanse var på felles synfaring i Kvilldal tysdag kveld.