Tilskotsordning mot barnefattigdom 2019

Suldal kommune opnar for søknadar til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom i 2019.
Ordninga er finansiert gjennom Barne- ungdoms og familiedirektoratet(BufDir).

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Kven kan søkja?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om midlar.

Generelt

For meir informasjon om ordninga kan du gå inn på http://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/

Søknadsfristen for tilskot er 10. desember 2018. Kommunen innhentar søknadar og gjer ei vurdering av dei innkomne søknadane etter fristen er gått ut.

Kontaktperson i Suldal kommune er Elin Mikkelsen Bakka.