Suldal kommune digitaliserer utsending av faktura

For å tilby våre kundar utsending av faktura i fleire digitale format, har Suldal kommune tatt i bruk nytt verktøy til fakturautsending. Endringa skjer frå og med oktober månad.

Me kan nå senda din faktura som eFaktura/avtalegiro, Vippsfaktura, digital postkasse eller e-post. Me tilrår alle våre kundar å nytta eit av desse alternativa. Dersom du likevel ikkje skulle ynskje dette, vil faktura verta sendt deg pr post.

Vår leverandør kan ikkje lenger produsera faktura med giroblankett. Betalingsinformasjon ligg samla med utheva skrift:

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva konsekvens har dette for deg?

Løysinga medfører at alle faktura blir sendt digitalt i følgjande rekkefølgje:

  • registrert med avtale om avtalegiro og efaktura
  • registrert med mobiltelefonnummer, og aktivert teneste om Vipps faktura
  • registrert med Digipost eller eBoks
  • registrert med e-post adresse i vårt kunderegistet

Dersom ingen av desse alternativa er valt, blir faktura levert som papirfaktura i postkassen din

Korleis opprettar du dei forskjellige alternativa?

Faktura som eFaktura eller avtalegiro:

  • Dersom du ynskjer å oppretta eFaktura avtale, eller avtalegiro kan du gjera dette i din nettbank eventuelt på denne nettsida.
  • Dersom du er registrert med gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få tilsendt e-post med tilbod om å inngå efaktura-avtale. E-posten inneheld ei lenke kor du kan aktivera avtalen.

Faktua via Vipps:

  • Du kan nå få faktura som Vippsfaktura.

Dette forutsett at du brukar Vipps, og at du har aktivert tenesta Vipps faktura. I tillegg må du vera registrert med gyldig mobiltelefonnummer i Suldal kommune sitt kunderegister. Registrering av telefonnummer kan skje til telefon 52 79 22 00, eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no

Faktura i Digipost / eBoks:

  • Dersom du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du nå kunne motta fakturaen som digital post i Digipost- eller eBokspostkassen din.

Dette forutset at du har oppretta ein digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post:

  • Faktura kan også sendast som vedlegg i e-post frå Suldal kommune.

Dette føresett at du er registrert med ei gyldig e-postadresse i Suldal kommune sitt kunderegister. Ynskjer du dette, må du sende oss ei melding til postmottak@suldal.kommune.no, slik at me kan registrera e-post adressa di.

MERK:

Får du faktura sendt direkte til rekneskapskontor eller andre, må du ikkje aktivera nokre av dei digitale løysingane.

Viktig om brevgiro

  • Nytt fakturaformat kan ikkje nyttast som betaling via brevgiro.

Nyttar du brevgiro, må nødvendig informasjon frå den tilsende faktura fyllast inn i ein blank giroblankett. Tomme giroblankettar kan du få tilsendt frå Suldal kommune. Ring 52792200 eller sendt e-post til postmottak@suldal.kommune.no dersom du ynskjer dette.

Me jobbar med å finne ei løysing slik at dei som ynskjer det, kan få ferdig utfylt blankett.

Informasjon som må fyllast ut på den tome fakturablanketten er:

  • Beløp
  • Betalar sitt kontonummer
  • Betalt av
  • Betalt til
  • Kundeindifikasjon (KID)
  • Kroner og øre
  • Til konto