Støtteordningar natur og miljø 2019

Støtteordningar natur og miljø – 2019

Det er avsett midlar i budsjettet for 2019 til følgjande formål:

  • Årleg vedlikehald, rydding og justering av trasear i skiløypenettet* – kr. 20.000,-
  • Skilting og utstyr til frivillig arbeid med stirydding** – kr. 50.000,-
  • Opprydding i strandsona inkl. elvar og vassdrag** – kr. 80.000,-

*Føretak som driftar skiløypenett tilrettelagt for ålmenta kan søkje støtte.

** Frivillige- og ideelle organisasjonar og stiftingar, velforeiningar, grendeutval og «dugnadsgjengar» kan søkje om støtte. Privatpersonar og enkeltmannsføretak kan søkje om dekking av utgifter til levering av avfall, men ikkje til dekking av arbeidsutgifter.

For meir informasjon om ordningane ber me om at du tek kontakt med Suldal kommune avd. Bygdeutvikling.

Fullstendig søknad må sendast på e-post til postmottak@suldal.kommune.no eller pr post til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand

Søknadsfrist: 01.06.2019

 

Suldal kommune oppmodar samtidig alle til å bidra under den nasjonale Strandryddedagen laurdag 04. mai. For meir informasjon om dette kan de besøke nettsida www.holdnorgerent.no