Ønskjer du å bli sjukepleiar?

Suldal kommune og nabokommunane arbeider med å få til desentralisert sjukepleiar- utdanning på deltid i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet frå hausten 2019.

For å starta opp må me vite kor mange studentar me kan rekne med. Er du interessert ta kontakt med løns- og personalsjef Tordis-Kristin Tobiassen, kontaktinformasjon finn du lenger nede.

Desentralisert sjukepleie er eit studietilbod for tilsette i kommunar og helseføretak som ønsker å utdanne seg til sjukepleiar. Studiet er lagt opp i nært samarbeid med arbeidsgjevar og går over fire år. Utdanninga følgjer same rammeplan som fulltidsstudiet, men det vert nytta ein tilpassa fagplan. Studiet vert organisert med ei blanding av desentraliserte samlingar, samlingar på campus, praksis i kommunehelsetenesta lokalt samt praksis på sjukehus og i spesialisthelsetenesta.

Arbeidsgjevar sitt bidrag

Arbeidsgjevar må inngå bindande avtale med høgskulen, der dei forpliktar seg til å leggje forholda til rette for studenten økonomisk og praktisk. Arbeidsgjevar må skaffe praksisplasser til nokre av praksisperiodane, og betale kr 12 000,- kvart år for dekning av meirkostnader høgskulen har ved at det er eit desentralisert studietilbod.

Arbeidsgjevar vil velja ut kven dei vil gje støtte til ei slik utdanning, og gjer grundig vurdering av studenten sine eigenskapar, tilknyting til kommunen, familiesituasjon, motivasjon og generelle opptakskrav med meir når dei skal rekruttere til studiet.

Studenten sitt bidrag

Studiet utgjer om lag 75 %, og studentane bør ikkje jobbe meir enn 50 % - enda litt mindre i periodar med praksis, og heller meir i feriar.

For å lukkast med studiet og hindre fråfall krev det:

  • Aktiv og god dialog mellom arbeidsgjevar og student.
  • Ha sjølvdisiplin og tid til å studere.
  • Bruk av data som arbeidsverkty.
  • Godt samspel med ev. familie.
  • Reise i samband med praksis, rettleiing, gruppearbeid og eksamen.
  • Arbeide fulltid i praksisperiodar.
  • Formidle ny kunnskap til arbeidsplassen.
  • Bidra til eit godt studiemiljø.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Frå opptaket hausten 2019 vert det krav om gjennomsnittskarakteren 3 eller betre i norsk (393 timar), og gjennomsnittskarakteren 3 eller betre i matematikk (224 timar). Dersom ein har bestått matematikk på høgare nivå (S1 eller R1) så er kravet til matematikk bestått med karakteren 2 eller betre.

Søkjarar med generell studiekompetanse (GSK) som ikkje oppfyllar desse karakterkrava, bør bruke det neste året på å forbetre karakterar. Merk at kravet til norsk og matematikk for søkjarar med realkompetanse er det same som til GSK. Det vil difor i mange tilfelle vera nødvendig å supplere med både meir norsk og matematikk før ein kvalifiserer til realkompetanse.

Har søkjaren utdanning frå utlandet, må dei sjekke kva for krav som gjeld for deira heimland. Samordna Opptak har informative landsider kor ein kan velje land og sjå kva utdanning som dekker kravet til GSK.

Kontaktperson i kommunen

For ytterlegare informasjon, og for å melde di interesse, kontakt:

Løns- og personalsjef Tordis Kristin Tobiassen, 52 79 22 24/ 996 17 776, tordis.kristin.tobiassen@suldal.kommune.no