Nasjonal tilskotsordning for å inkludera born og unge 2020

Søknadsfrist 13. desember

Suldal kommune opnar for søknadar til Nasjonal tilskotsordning for å inkludera born og unge i 2020.
Ordninga er finansiert gjennom Barne- ungdoms og familiedirektoratet(BufDir).

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Kven kan søkja?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om midlar. Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadspunktet.

Generelt

For meir informasjon om ordninga kan du gå inn på BufDir her

Søknadsfristen for tilskot er 13. desember 2019. Kommunen innhentar søknadar og gjer ei vurdering av dei innkomne søknadane etter fristen er gått ut.

Kontaktperson i Suldal kommune er Elin Mikkelsen Bakka.