Matrikkelen vil vere stengd for all oppdatering frå 13. desember 2019 kl. 18:00 til
2. januar 2020. Dette medfører at det ikkje er mogleg med eigedomsregistrering, adressering, bygningsregistrering eller føring av konsesjon i denne perioden.
Grunnboka vert stengd for all oppdatering frå 27. desember 2019 kl. 20:00 til 2. januar 2020. Ingen dokument kan sendast til tinglysing i denne perioden.
Data i matrikkel og grunnbok er tilgjengeleg i Kartverket sine innsynstenester heile perioden, men med data frå frystidspunktet. Dette gjeld matrikkel, Seeiendom, E-handel og grunnbok.