MEISTRINGSTREFF

Meistringstreff er eit kurs der du som brukar eller pårørande får auka kunnskap om meistring, kan treffa andre og dela erfaringar.

Å leve med helseutfordringar kan medføre store forandringar i kvardagen. Meistringstreff er for deg som ønskjer: 

• å få kunnskap om meistring og prøve ut ulike mestringsverktøy

• å oppdage og utvikle tru på eigne ressurser

• å treffe og lære av andre som også lever med helseutfordringar eller er pårørande 

 

Meistringstreff er for deg over 18 år som har langvarig sjukdom, nedsett funksjonsevne og/eller psykiske eller fysiske belastningar, eller deg som er pårørande til denne gruppa.

Kurstid: Tysdagar kl 17.30 på Helsetunet med oppstart i mai

4 samlingar som går over ca 2,5timar kvar gong. Kostar 200kr.

For meir informasjon om kurset og påmelding, ta kontakt med frisklivsrettleiar:

Helene Fjellheim Midthun, tlf. 52792340 friskliv@suldal.kommune.no