Lønsslipp og lønsoppgåve i digital postkasse / altinn

Frå januar månad har Suldal kommune gått over til å sende lønsslipp og lønsoppgåve via SvarUt. Du får dei i din digitale postkasse, eller i Altinn.

Suldal kommune kan ikkje lenger sende lønsslipp på epost, for det er ikkje sikkert nok i følgje personopplysningslova.

Du som tilsett vil motta lønsslippen din i din digitale postkasse. Har du ikkje digital postkasse, vil du få lønsslippen i Altinn.

Me vil gjerne oppmode flest mogleg om å opprette digital postkasse. Det kan du gjere her:

https://www.norge.no/velg-digital-postkasse

(Det finnes også ein glimrande app, Digipost, som gir deg enkel tilgang til postkassen frå mobilen.)

Dersom du ikkje har digital postkasse og får breva i Altinn, vil brev som er ulest etter 40 timar bli sendt deg i posten.
Dette er kroner me heller vil bruke på å forbetre tenestene våre, så me håpar flest mogleg vil opprette digital postkasse. Vidare er ikkje Altinn laga for å fungere som ein postkasse, så me vil også difor anbefale bruk av digital postkasse.

Om du lurer på fleire gode grunner til å skaffe deg digital postkasse, kan me liste opp følgjande:

  • Du får brev frå kommunen og andre offentlege og private instansar raskt, med ein gong det er sendt.
  • Epost er ikkje sikkert nok til å sende vedtaksbrev og sensitiv informasjon. Ein digital postkasse er sikker.
  • Du har eit evigvarande arkiv i postkassen din, og kan lett finne tilbake til gamle dokument.
  • Den digitale postkassen har du alltid tilgang til så lenge du har nett.
  • Den digitale postkassen er miljøvenleg.

I Suldal kommune har 34,2 % av innbyggarane over 15 år digital postkasse. Dette er nest lågast i Rogaland! Me håpar å klatre på lista og auke prosentdelen vår, og kjem i næraste framtid til å trekke premiar til våre innbyggarar som har oppretta digital postkasse.

Følg med på her på heimesida for meir informasjon om konkurransen.