Legat og stipend - Søknadsfrist 31.12.18

Det skal for 2018 delast ut midlar frå Legat til sosiale føremål og Utdanningslegat i Suldal kommune. Fristen for å søkja er 31.12.2018.

Stipend til sosiale føremål

Utdrag frå vedtektene: §3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjoner og enkeltpersonar.
Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn. Legg merke til at enkeltpersonar kan søkja. Det kan vera å få økonomisk stønad i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, stønad til nødvendige hjelpemiddel som ikkje vert dekka av det offentlege osb.

Her finn du søknadsskjema for stipend for sosiale føremål

Stipend frå utdanningslegat

Stipend kan delast ut til ungdom som tek utdanning ved høgskule etter følgjande føresetnarader:

  • Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av 2018
  • Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet
  • Søkjaren må ha utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon
  • Kvar person kan berre få stipend ein gong
  • Studiet må vera på over fem månadar for å utløysa stipend

Her finn du søknadsskjemaet for utdanningslegat

 

Du kan sende søknadskjema til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
Me ber om at skjema ikkje blir sendt på epost, då epost ikkje er rekna som trygt for sending av sensitive personopplysingar i følgje personopplysingslova.

Midlane vert delte ut våren 2019.