Innbyggjarundersøking om reiselivet i Suldal!

Me utfordrar våre innbyggjarar til å svare på ei kort undersøking, slik at me kan få høyre korleis du meiner kommunen kan utvikle seg som reiselivssdestinasjon.

Suldal har ein ambisjon om å utvikle reiselivet i kommunen på ein berekraftig måte til beste for både næringsliv, innbyggjarar, kommune og for gjestene våre, anten dei er på korte besøk eller har fritidsbustad i Suldal!

Di oppfatning er viktig i høve til kva du som innbyggjar tenkjer om reiselivet og korleis me skal utvikle oss vidare som reisemål, og saman kunne vere eit godt vertskap for gjester som kjem på besøk.

Me håpar difor at du kan hjelpe oss med å svare på nokre spørsmål. Undersøkinga tar 3-5 minutt og er anonym!

Trykk her for å kome til undersøkinga.

På førehand takk for hjelpa!