Influensavaksine

Informasjon om sesonginfluensa og datoar for vaksinasjon

Kvifor vaksinere seg?

Nær 1,6 million menneske i Noreg tilhøyrer grupper med auka risiko for komplikasjonar av influensa. Ein reknar med at det i gjennomsnitt døyr 900 personar i Noreg kvart år som følgje av sjukdomen. Influensavaksina for 2019 er distribuert til helsetenesta i heile landet. Det viktigaste førebyggande tiltaket for å unngå influensa er vaksinasjon. Ein bør ta influensavaksina i perioden oktober-desember og fullt beskytta er du etter ein til to veker.

Influensaviruset endrer seg litt fra år til år – derfor må vaksina endrast og setjast på ny kvart år. Influensa kan av og til gi komplikasjonar som bakterielle infeksjonar. Vaksinasjon sparer deg for sjukdom og bruk av antibiotika. Redusert bruk av antibiotika fører til mindre resistensproblem.

Kven bør vaksinera seg?

Influensavaksina tilrår me først og fremst til personar som risikerer alvorleg sjukdom eller død, dersom dei blir smitta av influensa. Desse tilstandane plasserer ein person i "risikogruppe", det vil seie personar som har spesielt stor nytte av influensavaksinasjon.

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko

Barn og vaksne med:

  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • Kronisk hjerte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsatt infeksjonforsvar
  • Svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

Utover vaksinasjon av risikogrupper tilrår Folkehelseinstituttet vaksine til:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar

Andre som vil beskytte seg mot influensa kan få vaksinasjon. Dei som er i risikogruppe og ikkje tidligare er vaksinert mot pneumokokkar (lungebetennelse), eller vaksinert for meir enn 10 år sidan, kan få den vaksina samstundes.

Pris

Prisar
  Risikogrupppe Andre
Influensavaksine Gratis kr 300
Pneumokokkvaksine kr 300

kr 300

 

Alle må i tillegg betale kr 100 kroner for å få sett vaksinen, uavhengig av frikort. Me oppfordrar betaling med bankkort. Ved sending av faktura tilkommer et gebyr på kr 59. Pris for vaksinering etter desse oppsatte dager blir kr 150.

Trygdekontoret dekkjer ikkje reiseutgifter/drosje til vaksinering.

Tidspunkt:

Me ber om at flest mogeleg av dei som ynskjer vaksine møter:

Tirsdag 29. og torsdag 31. oktober mellom kl 13.30 og 16.00.

Du finn meir informasjon om influensa på folkehelseinstituttet si heimeside her

- Kommuneoverlegen i Suldal

Legekontor
Telefon 52 79 23 00