Fleire tilfelle med folk som har trakka på kråkeboller

Kommuneoverlegen ber folk vere oppmerksom på at det kan vere meir kråkeboller enn vanleg i badeområda våre. Det er observert mykje kråkeboller i området rundt Bogsfjorden og Habn, men truleg kan fleire badeplasser ha dette. 

Dersom ein trakkar på ei kråkebolle, er det lurt å få ut piggane i huden for å redusere risiko for infeksjon og langvarige smerter. Det kan vere lurt å ha foten i lunka grønnsåpebad 20-30 min før fjerning av piggane.  Dersom du ikkje har klart å få dei ut ved hjelp av pinsett eller nål, bør du oppsøke legevakt i Suldal som kan fjerne desse. 

For å unngå skadar tilrår me at de er litt ekstra oppmerksomme nå, og at de vurderer å bruke badesko, særleg på dei minste barna.

Harald Bjarne Hellesen
E-post
Telefon 52 79 23 15
Mobil 911 67 506