Detaljplan for Vinjarheim til offentleg ettersyn, planid 201804

Suldal kommune vedtok i møte den 04.06.2019, sak 051/19 at framlegg til detaljplan med tilhøyrande føresegner på gnr.27 bnr,9, Vinjarheim, Suldalsosen skal leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar § 12-10 i plan- og bygningslova.

Plandokument;

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding av Suldal omsorgssenter, ved å utvide området for detaljplanen tilsvarande området avsett til byggjeområde for offentleg og privat tenesteyting i gjeldande kommuneplan.

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 12. august 2019.