Detaljplan for næringsområde ved Tysingvatnet til offentleg ettersyn_planid 201801

Suldal kommune vedtok i møte 12.03.2019, sak 022/19 at framlegg til detaljplan med tilhøyrande føresegner på gnr.155 bnr.8 m.fl, Tysingvatnet skal leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar § 12-10 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for nye næringstomter i området. Området er regulert med kombinerte formål, og det er lagt inn offentleg kommunal vegtilkomst/ avkøyring til området. Terrenget i dalføret vil bli opparbeida, og tjørna som ligg innanfor planområdet skal bli fylt ut med overskotsmassar, og opparbeida til tomter for næringsverksemd. 

Saksdokumenta finn du her;

 

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 10.mai.2019.