Detaljplan for Jelsa brannstasjon, planid 201805 -til offentleg ettersyn

Suldal kommune vedtok i møte den 15.10.2019, sak 089/19 at framlegg til detaljplan for brannstasjon på Jelsa skal leggast ut til offentleg ettersyn og høyring i samsvar § 12-10 i plan- og bygningslova.
 
Saksdokumenta finn du her:

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny brannstasjon med tilhøyrande tilkomst.

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230
Sand eller på e-post til post@suldal.kommune.no innan 16. desember 2019.