Detaljplan for Dalberg, Økstra, planid 201606_saksutgreiing og vedtak om offentleg ettersyn

Suldal kommune vedtok i møte 30.04.2019, sak 042/19 at framlegg til detaljplan med tilhøyrande føresegner på gnr. 145 bnr.21 m.fl. Dalberg, Økstra skal leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

 

Føremålet med planarbeidet er å få ein oppdatert detaljplan for eit område med allereie oppførte fritidsbustader og andre bygningar. Planframlegget vil erstatte disposisjonsplan av 10.08.1970.

Dokumenta finn du her:

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 5.juli.2019.