Dansetilbod i kulturskulen

Også i vår vil det bli dansetilbod i kulturskulen.  Tilbodet går over seks veker, og startar opp 6. februar.  Det er mogleg å melda seg på sjølv om ein ikkje var med på kurset i haust.

Kurset er for elevar frå 5. klasse og oppover, Helena Moe Høines er instruktør.

Tid og stad:  Onsdagar kl 19.00 - 20.00 på kulturhuset.  Kurset kostar kr 400,-

Eventuelle spørsmål kan rettast direkte til Helena på mobil 451 02 229.

Påmelding innan 25.01.19 til postmottak@suldal.kommune.no - merka med Påmelding dans i kulturskulen i emnefeltet.

 

Kulturskulen.