Brukarundersøking på legekontoret

Om brukarundersøkinga

Du som pasient er ein vesentleg deltakar i utforminga av helsetenesta. 

For å betre kvaliteten på våre tilbod ønskjer me å ta omsyn til dine synspunkt. No ber me brukare svara på ei anonym undersøking. Undersøkinga finn du på legekontoret. Utfylte skjema kan du returnera i postkassen som er hengt ut til formålet.

Pasientar med lege på Suldal legekontor har ein fastlege. Suldal legekontor opererer med fellesliste, noko som betyr at du til tider vil møte andre enn din (faste) fastlege. Der det står "lege" i undersøkinga ber me deg ta stilling til legen du hadde kontakt med. Der det står "fastlege" ber me deg ta stilling til din (faste) fastlege. Pårørande til born under 18 år kan fylla ut skjemaet når dei har vore til stades på konsultasjonen.

Me takkar dei som svarer på denne undersøkinga og oppmodar til formidling av ris og ros, uavhengig av denne undersøkinga.

Di meining er viktig for oss.

Legekontor
Telefon 52 79 23 00
Adriaan Ruiven
E-post
Telefon 52 79 23 18
Mobil 454 22 697