Avgrensa høyring av justert planframlegg Sand sentrum nord

 

Suldal kommune vedtok i møte 26.06.18, sak 070/18 at framlegg til detaljplan for Sand sentrum nord skal leggast ut på offentleg ettersyn i samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å avklare trafikkløysingar kring Bekkjartorget, bruk av nærliggjande areal og bruk av tidlegare ferjefil med tilliggjande areal.

Planframlegget har vore ute til offentleg ettersyn med frist innan 31.august d.å. Med bakgrunn i dette har kommunen no justert planframlegget.

I justert planframlegg ynskjer nå kommunen å legge til rette for at bussen skal snu/stoppe på Bekkjatorget og at hurtigbåten kan leggje til på Bekkjatorget.

Dokumenta i saka finn du her:

 

Justert planframlegg vert med dette sendt ut på avgrensa høyring til nærmaste naboar og aktuelle regionale mynder.

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 28.november 2018.

Ole Martin Dahle
E-post
Telefon 52 79 24 21