Formannskapet handsama i møte 23. november forslag til Budsjett 2019 og økonomiplan 2019 - 2022.  Innstillinga frå formannskapet er no på høyring fram til møte i kommunestyret 13.12.18.
 

Det skal for 2018 delast ut midlar frå Legat til sosiale føremål og Utdanningslegat i Suldal kommune. Fristen for å søkja er 31.12.2018.

Legekontoret har stengt 28. november på grunn av kurs i journalsystemet Infodoc.

Helsestasjonen har strengt 29. november fram til kl 12.30.

Dersom det er behov for kontakt med lege (som ikkje kan vente) ring legevakta på tlf. 116117 eller 113 i akutte situasjonar.

For å tilby våre kundar utsending av faktura i fleire digitale format, har Suldal kommune tatt i bruk nytt verktøy til fakturautsending. Endringa skjer frå og med oktober månad.

I år går TV-aksjonen til Kirkens Bymisjons arbeid med å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Kulturskulen vil også i haust ha eit dansetilbod. Tilbodet går over seks veker, og startar opp 31. oktober. Kurset vil innehalda grunnleggjande trinn frå mellom anna magedans, latinsk dans, Afro moves, Hip hop og improdans.

Tilbodet om å få gratis HPV-vaksine til kvinner født i 1991 eller seinare er tidsavgrensa og består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månadar. Du må starta vaksinasjonen seinast i desember 2018, og den siste av dei tre dosane må vera tatt innan 1. juli 2019.