Suldal Bad

Koronatiltak på Suldal bad


Suldal bad sine "koronavettreglar" her.  (PDF, 494 kB)

Opningstider 

Prisar

Følg oss på facebook!

Les meir på Suldal bad si heimeside. 

Adresse og telefonnummer til Suldal Bad finn du til høgre for artikkelen på datamaskin eller i botn av artikkelen på mobil.

Kjære gjester,

Suldal Bad er svært populært om dagen og det er stor pågang (spesielt dagar med dårleg vêr), noko me sjølvsagt er kjempeglade for.

Grunna smittevernrestriksjonar, kan det i hektiske periodar vera kø for å koma inn på Suldal Bad.
I desse tider kan me berre ha 140 badegjster inne om gongen. Framover vil derfor dei tilsette i resepsjonen gi deg ein kølapp. Du vil bli  ropt opp når det er din eller familien din sin tur. Hugs to timar badetid når det er stor pågang.

Det er dessverre ikkje mogleg å førehandsbestilla billettar og me slepp ikkje inn på bestemte tider. Det er berre å koma, så kjem du inn fortløpande. Du kan gjerne ringa oss på tel: 52 79 24 57 i opningstida (frå kl 14) for å høyre status og dermed ca tid det kan vera mindre folk/ikkje kø.

Me må også sørga for at det ikkje er for mange folk på veg inn og ut av anlegget samtidig. Me beklagar at det er noko avgrensa kapasitet nå.

Me takkar for herleg respons og synest det er kjekt med mange flotte tilbakemeldingar og glade badegjester på besøk.

 

God sommar vidare ☀️☀️☀️

 

Beste helsing alle oss i Suldal Bad

Suldal Bad
Telefon 52 79 24 57
Bonolo Ramphomane-Aandahl
avdelingsleiar
E-post
Telefon 52 79 24 55
Mobil 948 83 737

Adresse

Eidssjøvegen 12

4230 Sand

Kart