Suldal Bad - ope frå 15. juni

Koronatiltak på Suldal bad


Les Suldal bad sine "koronavettreglar" her.  (PDF, 494 kB)

Sommaropningstid frå 29. juni til 16. august:

Sommaropningstider Suldal Bad
Dagar tidspunkt
Månd: Stengd
Tys-søn: 14:00 - 20:00


Prisar og billettar

Billettprisar Suldal bad
Billettype Enkeltbillett pr 01.01.20 Sesongkort per 01.01.20 Halvårskort per 01.01.20 Klippekort 12 stk
Vaksne kr 120 kr 3 060 kr 2 040 kr 1 200
Barn 3-16 og honnør kr 80 kr 2 240 kr 1 530 kr 800
Barn under 3 år kr 0 kr 0 kr 0
Familie (foreldre + barn) kr 310 kr 7 140

Gruppepris

  • Gruppepris 1-9 pers: full pris
  • Gruppepris 10-14 pers: 5% rabatt
  • Gruppepris over 15 pers: 10% rabatt

Kjøp gåvekort https://www.suldal.kulturhus.no/program/#scene

Følg oss på facebook!

Adresse og telefonnummer til Suldal Bad finn du til høgre for artikkelen på datamaskin eller i botn av artikkelen på mobil.

Kjære gjester,

Suldal Bad er svært populært om dagen og det er stor pågang (spesielt dagar med dårleg vêr), noko me sjølvsagt er kjempeglade for.

Grunna smittevernrestriksjonar, kan det i hektiske periodar vera kø for å koma inn på Suldal Bad.
I desse tider kan me berre ha 140 badegjster inne om gongen. Framover vil derfor dei tilsette i resepsjonen gi deg ein kølapp. Du vil bli  ropt opp når det er din eller familien din sin tur. Hugs to timar badetid når det er stor pågang.

Det er dessverre ikkje mogleg å førehandsbestilla billettar og me slepp ikkje inn på bestemte tider. Det er berre å koma, så kjem du inn fortløpande. Du kan gjerne ringa oss på tel: 52 79 24 57 i opningstida (frå kl 14) for å høyre status og dermed ca tid det kan vera mindre folk/ikkje kø.

Me må også sørga for at det ikkje er for mange folk på veg inn og ut av anlegget samtidig. Me beklagar at det er noko avgrensa kapasitet nå.

Me takkar for herleg respons og synest det er kjekt med mange flotte tilbakemeldingar og glade badegjester på besøk.

 

God sommar vidare ☀️☀️☀️

 

Beste helsing alle oss i Suldal Bad

Suldal Bad
Telefon 52 79 24 57
Bonolo Ramphomane-Aandahl
avdelingsleiar
E-post
Telefon 52 79 24 07
Mobil 948 83 737

Adresse

Eidssjøvegen 12

4230 Sand

Kart