Ny i Suldal?

Vurderar du å flytta hit, eller er du fersk Suldøl, så vil me ønskja deg hjarteleg velkomen! Me har samla inn informasjon som kan vera kjekk å ha som nytilflytta. Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Servicetorget. Me håper du finn deg til rette i Suldal!

Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur!

I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har  eit rikt og  variert kulturliv. Våre sju grender, Ropeidhalvøya, Jelsa, Suldalsosen, Erfjord, Vanvik, Nesflaten og Sand, ligg spredt i kommunen med gode lokalmiljø og eigne skule og barnehagetilbod.  Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg på kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst det nyopna Suldal bad

 

Natur

Kom til Suldal for å oppleva fantastisk natur! Det er merka turløyper i alle grender og det er turar for alle - uavhengig av alder og fysisk form. På Miljøstatus Suldal finn du informasjon om natur og kultur, friluftsliv, klima og miljø med meir. Lenkje til sida finn du her. Du kan og lesa om turstiar og fritidsaktivitetar som jakt og fiske.

Besøk og Skattkammeret Suldal her

Klikk for stort bilete Jarle Lunde  

Andre tenester og tilbod

Klikk deg rundt på heimesida for å bli kjent med tenestene i kommunen vår. I søknadsportal vår finn du oversikt over alle skjema og korleis du skal søkja.

 

Opningstid

Servicetorget

Mån - Fre: 08.30 - 15.00

Adresse

Kommunehuset:

Eidsvegen 7

4230 Sand

Kart