Oppdatering om koronaviruset

Kva gjeld i Suldal? 

Denne sida inneheld informasjon som er relevant for Suldal kommune spesielt og vil i tida framover redigerast og kvalitetssikrast dagleg frå mandag til fredag. Drifta av kommunen blir justert i høve auka smittefare og me har redusert tenestetilbod. Sjå eige informasjonside om tenestetilboda i perioden.

Kommunen er i beredskap. Me er eit lite og sårbart lokalsamfunn, og har avgrensa ressursar ved eit utbrot. Difor innfører me fortløpande restriksjonar for å avgrense smittefaren og faren for utbrot i befolkninga. Situasjonen endrar seg raskt og nettsida er ikkje alltid oppdatert, og me oppmodar alle til å følgje med via offentlege kanalar. For generell informasjon om viruset og nasjonale råd og tiltak sjå Folkehelseinstituttet sine temasider.

Rådmannen disponerer tilsette fortløpande med koronaberedskap som høgaste prioritet. Som konsekvens må folk difor vente noko lengre sakshandsamingstid og mindre tilgjengelege tenesteleiarar den næraste tida.

 

Henvendelsar om koronaspørsmål:

Logg deg på helsenorge.no i størst mogleg grad, både for spørsmål om du tenker du kan vera smitta eller andre henvendelsar. Her kan ein avtale timar og vidare kontakt. Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no og er frisk kan du ringja 815 55 015 dersom du har spørsmål om koronavirus.

 

Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale!

 

 

Andre henvendingar til legekontoret:

Suldal legekontor er berre ope for øyeblikkeleg hjelp med avtale.

Me ønskjer at de ikkje møter på legekontoret utan avtale, og ber dykk ta kontakt per:

1. SMS - Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097. SMS-ane til legekontoret vert lest før opningstid, og i løpet av dagen.

2. Telefon 52 79 23 00 - opningstider er i utgangspunktet som før, men det kan skje tilpassingar om morgonen etter behov. Me ber om forståing for dette. 

 

Korona

Status i Suldal 27.03.2020
Oversikt over antal personar som er testa
Veke Antal testa Positiv for koronavirus Negative/venter svar
11 2 0 2
12 18 0 18
13 10 0 7/3

Tala blir oppdatert kvardagar klokka 11. Sist oppdatert 27.03.2020

Det er foreløpig ikkje påvist koronasmitte i Suldal kommune. Utfrå den nasjonale og regionale situasjonen er det likevel sannsynleg at me har smitte i Suldal. Kommunen følgjer utviklinga tett, og kriseleiinga har jamnlege møte. Me ønskjer å vere føre var og følgjer fortløpande opp nasjonale vedtak og tilrådingar.

Me vil be våre innbyggarar om å vere med på samfunnsdugnaden for å unngå smittespreiing. Du kan gjere mykje for å unngå smitte av koronavirus. Ved å vektlegge god hygiene og halde avstand bidrar du til å halde deg frisk og beskytte sårbare grupper og deira pårørande mot smitte. 

Me vil oppfordre alle til å halde seg i kommunen, og å unngå å samlast i store grupper. Følg med på råd frå helsedirektoratet, og hald deg oppdatert i nyhetsbiletet, slik at du til ein kvar tid har oppdatert informasjon. Helsedirektoratet oppmodar sterkt til å unngå fritidsreiser.
 

Lokale, skjerpa karantenekrav 20.03.2020

Suldal og Hjelmeland innførte 15.03.2020 krav om karantene for alle som har vore utanfor Rogaland. Dette vedtaket vart oppretthaldt og noko endra av formannskapet 20.03.2020.  Kommunane i Rogaland er også omfatta av påbodet, utanom  dei som er nemnde her:  Strand, Hjelmeland, Ullensvang, Etne, Sauda, Vindafjord og Tysvær, samt gamle Forsand, Ombo og gamle Finnøy.. Vedtaket gjald frå og med søndag 15. mars 2020 kl. 21.00, og har ikkje tilbakeverkande kraft lenger tilbake enn 15 .mars.

Les meir her

Informasjonsmøte 23.03.20
Måndag 23. mars hadde me informasjonsmøte via Facebook. Sjå opptak av sendinga.
Kven blir testa for koronaviruset?

Suldal kommune følg Folkehelseinstituttets retningslinjer. Du kan lesa retningslinjene på Folkehelseinstituttets side om testing og diagnostikk.

Næringsaktørar i kommunen

Næringslivet i Suldal er hardt ramma av Koronakrisa. Rådmannen sendte i 18. mars ut brev til bedrifter der han orienterte om situasjonen (PDF, 200 kB). I brevet blei det sagt noko om kva kommunen kunne bidra med. Det er kome innspel til fleire ting i etterkant.

Førebelse tiltak:

  • Råd og bistand frå kommunen sitt næringsapparat som er Suldal vekst, Bygdautviklaren og Bygdeutvikling.
  • Kommunen vil ha eit «lågterskel» tilbod for utsetting med betaling av kommunale rekningar. Send ein kortfatta e-post til kommunekassen@ryfylkeikt.no om korleis dette råkar bedrifta di. Søknad vert handsama dagleg.
  • Dersom det er bedrifter som har lån i kommunen og som har vansker med tilbakebetaling i desse dagar, så kan det søkast om utsetjing. Her er det også rask saksbehandling.
  • Kommunen vil betala alle rekningar umiddelbart og ikkje venta til forfall (Likviditet)
  • Me vil setja fullt trykk på utbyggingsprosjekt slik at dei kjem i gang så raskt som mogleg.

Viktige lenker:

Hald dykk oppdatert på Folkehelseinstituttet for generell informasjon og på desse sidene med tanke på lokale forhold.

Les om permiteringsreglar, sjukemeldingar og lignende på NAV sine sider

Næringslivets hovedorganisasjon

Direktoratet for sikkerheit og beredskap sin veileder i kontinuitetsplanlegging

Ønskjer du å stilla som frivillig - eller treng du hjelp?
Har du helsefagleg utdanning?

Då kan me trenge deg! Les meir her.
 

Kan eg reise på hytta i Suldal?

Suldal kommune oppmodar eigarar av fritidsbustader i kommunen om å ikkje nytte desse i denne perioden, i første omgang til og med 26. mars. Ein ber alle eigarar av fritidsbustader om å halde seg i heimkommunen. Me ønskjer ikkje tilreisande med mogleg smitte til kommunen. Dette er eit tiltak for å hindre vidare spreiing av koronaviruset, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Helsedirektoratet oppmodar sterkt om å no unngå fritidsreiser.
Avgjersla er ein oppfylging av nasjonale føringar og etter tilråding frå kommuneoverlegen i Suldal.

Følgjande sms vart sendt til alle eigarar av hytter i Suldal laurdag 14. mars "Smittefare! Det er stor smittefare no. Me ber våre hyttesuldøler frå andre kommunar om å halde seg i sin heimekommune. Er du i Suldal, ber me deg reisa heim, utan å ha kontakt lokalt. Ver grei å ta omsyn til dette! Følg råd frå nasjonale myndigheiter: unngå fritidsreiser. Helsing Gerd Helen Bø, ordførar Suldal kommune"

Må eg betale for barnehage og SFO når dei er koronastengt?
Du skal ikkje betale for dei dagane barnehage og SFO er stengt.
 
I praksis løyser me dette slik:
Faktura for mars med forfall 20.03.2020 går som normalt.
I april blir det ikkje sendt faktura for barnehage og sfo.
Me korrigerer for april når barnehage og SFO har opna igjen, då veit me kor mange dagar det var stengt.
Kan borna mine leike med andre born når skule og barnehage er stengd`?

Dette er råda frå helsedirektoratet 13.03.2020:

  • Det anbefales å ikkje samla fleire til leiketreff eller felles aktiviteter. Målet er å holde avstand for å hindre smitte.
  • Anbefalinga er å holde minst ein meters avstand.
  • Samvær bør begrensast (få timar).
  • For å ivareta barns behov for leik med andre barn kan man ha ein til to faste leikevener og halde seg til de same leikevenene gjennom denne perioden. Det gjeld også for ungdom.
  • Det er betre å møtast for leik utandørs enn innandørs.
  • Leikeplasser med mange barn samtidig bør unngås. Anbefalinga om ein meters avstand gjeld også her.
  • Bursdagsselskap bør utsettast.
  • Overnattingsbesøk bør avgrensast i denne perioden.
  • Vask hender ofte, både før, under og etter leik, og ha god hostehygiene.
  • Barn og ungdom med symptom på luftveisinfeksjon skal haldast heime og bør ikkje vere saman med andre barn og ungdomutenfor familien. Dette gjeld også ved milde symptom
  • Barn og ungdom som er i heimeisolasjon eller heimekarantene skal ikkje omgås barn og ungdom utanfor husstanden.
Heimekarantene

Alle som kjem frå reiser utanfor Norden, skal i heimekarantene i 14 dagar, uavhengig av om dei har symptomer eller ikkje. Reglane for dette endrar seg og me ber dykk følgje med på fhi.no og i media for løpande oppdateringar. Les meir om heimekarantene  her

Alle som har vore i kontakt med ein person som har fått påvist koronavirus.

Nye reglar i høve til heimekarantene
Helsedirektoratet har gitt pålegg om at alle som har vært på reise utanfor Norden i perioden etter 27. februar skal halde seg i heimekarantene i 14 dagar etter dei har kome heim.

Suldal og Hjelmeland innfører krav om karantene for alle som har vore utanfor Rogaland. Det gjeld også om du har vore i følgjande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy Kommune), Hå, Time, Klepp og Gjesdal.

Vedtaket gjeld frå og med i dag søndag 15. mars 2020 kl. 21.00, og har ikkje tilbakeverkande kraft.

Spørsmål om karantene i Suldal kommune?
Om du er usikker på om du skal i heimekarantene, eller har spørsmål til det innførte vedtaket kan du kontakta Servicetorget ved å senda ein e-post til postmottak@suldal.kommune.no

Nye tilrådingar i høve til testing for covid-19
Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet - med mindre dei har behov for helsehjelp. Testing er berre for visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom

Har du spørsmål?
Du finner god og oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider www.fhi.no
Dei har også ein eigen informasjonstelefon, 815 55 015. Ring denne telefonen om du har spørsmål om koronaviruset.
 

WHO har erklært koronavirusutbrotet som internasjonal folkehelsekrise. Suldal kommune forheld seg til råd og retningsliner gitt av helsemyndigheitene.

Spørsmål?

Om du har spørsmål kan du kontakta Servicetorget ved å senda ein e-post til postmottak@suldal.kommune.no

Legekontor
Telefon 52 79 23 00