Oversikt over offentlige tenester

Oversikt over tenestetilbod med avvik frå normal drift i perioden med koronatiltak. NB! Det vil bli lagt til fleire tenester fortløpende. Finn du ikkje det du leitar etter? Kontakt oss her

Tenestetilbod

Kommunehuset

For å sikre god bemanning og for å opprettholda våre tenester har me valt å stenga kommunehuset for besøkande. Men me er framleis tilgjengelige på e-post og telefon i opningstida.

Ta kontakt med sentralbord på tlf 52 79 22 00 eller postmottak@suldal.kommune.no

Opningstid:
Mandag - fredag: Kl. 08.30 - 15.00

Nav Suldal

Nav Suldal er stengt for besøkande for å redusere smittefaren, men har opningstid på telefon kl 08.00 - 15.30 på kvardagar. 

Barnehage og skule

Barnehagar og skule er stengte frå 13.mars til og med 26. mars. Dette for å hindra smittespreiing av Koronaviruset.

Kommunen vil ha eit omsorgstilbod for barnehagebarn og elevar frå 1.-7. trinn med føresette som jobbar innan kritiske samfunnsfunksjonar. Det vil også vera eit tilbod for barn og elevar med særlege omsorgsbehov. Dette gjeld perioden barnehage og skule er stengt. 

Føresette som kvalifiserer for eit omsorgstilbod på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar, må gi ein skriftleg tilbakemelding til barnehagen/skulen i dag via MyKid eller Transponder, og levera inn dokumentasjon frå arbeidsgjevar til barnehagen/skulen innan måndag 16. mars. Retten gjeld føresette der begge har eit arbeid som har ein kritisk samfunnsfunksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Omsorgstilbodet i barnehagen føregår innafor barnehagen si ordinære opningstid. 

Omsorgstilbodet for småtrinnet føregår innafor skule og SFO si ordinære opningstid. Elevar som ikkje har plass på SFO, får ikkje plass i omsorgstilbodet i SFO si opningstid. Elevane får same opplæringstilbod som elevane heime.

Haugaland brann og redning

Brannstasjonen er stengt for besøkande inntil vidare. Les meir på Haugaland brann og redning si heimeside.

Suldal bad, kulturhus og Suldalshallane

Suldal bad, Suldalshallane, og kulturhus (med bibliotek og bowling) er stengt frå 12.03 kl 18.00 inntil vidare.

Miljøstasjon i Gåsavikja

Miljøstasjonen i Gåsavikja har stengt f.o.m. torsdag 19. mars inntil vidare. Les meir på IVAR IKS si heimeside.

Politiske møte og aktivitet

Kommunestyremøtet den 24. mars blir avlyst.

Det same vert andre møte i politiske organ, som grendeutval,i første omgang fram til påske.

Kyrkje og gravferd

Med omsyn til gravferd er det næraste familie som kan vera til stades. Gravferder er altså ikkje opne.

Det er vidare satt forbod mot samlingar med flei re enn 50 personar som er i risikogrupper (alder m.v.). I praksis er det stopp for alle gudstenester.
Ta kontakt med Kyrkja i Suldal om du har spørsmål kring dette, Telefon: 527 90 200
Epost: post@suldal-kyrkje.no

Møter og arrangement

Alle arrangement er avlyst og det er ikkje mogleg å søkja om å få gjennomføra arrangement.

Ballbingar

Frå 23.03 stengjer Suldal kommune alle ballbingane rundt om i grendene. Elevar i grunnskulen i Suldal har fått melding om dette via Transponder, det digitale meldebok-systemet suldalsskulane brukar. Informasjon om stenginga vil også bli hengt opp ved bingane.

Helse og omsorg

Legekontor

Henvendelsar om koronaspørsmål:

Logg deg på helsenorge.no i størst mogleg grad, både for spørsmål om du tenker du kan vera smitta eller andre henvendelsar. Her kan ein avtale timar og vidare kontakt. Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no og er frisk kan du ringja tlf 815 55 015 dersom du har spørsmål om koronavirus.

Andre henvendingar til legekontoret:

Suldal legekontor ønskjer av omsyn til smittevern å avgrense fysisk oppmøte for alle på legekontoret. Konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp blir gjennomført etter avtale.

Me ønskjer at de ikkje møter på legekontoret utan avtale og ber dykk ta kontakt per:

1. SMS - Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097. SMS-ane til legekontoret vert lest før opningstid, og i løpet av dagen.

2. Telefon - opningstid på telefon er i utgangspunktet som før, men det kan skje tilpassingar om morgonen etter behov. Me ber om forståing for dette. Tlf 52 79 23 00.

Psykisk helse

Det er reduksjon/endring i vårt tilbod framover på grunn av at me ønskjer å redusera smitterisikoen knytt til Covid-19 mot pasientar/brukerar og helsepersonell. De som allereie har avtalar vert kontakta for avklaring om vidare oppfølging pr tlf.
Covid-19 utbruddet er ein vanskelig situasjon for oss alle, små og store. I slike situasjonar kan det vere fint å søkja hjelp, støtte eller veiledning. 


Psykiatrisk sjukepleiar, helsestasjon og kommunepsykolog for barn og unge vil være tilgjengelig på tlf. Det er og mulig å sende ein sms, slik at me kan ta kontakt med deg.

Send sms eller ring:

  • Psykiatrisk sjukepleiar: Måndag, tysdag og torsdag frå kl. 13.00 - 15.00. Tlf 474 57 571
  • Kommunepsykolog barn og unge: Frå kl 10.00 - 12.00 på kvardagar, tlf: 907 79 616 
  • Helsestasjon: I opningsida, tlf 52 79 23 10
  • Mental helse sin hjelpetlf: 116 123 (open heile døgnet)
  • Foreldresupport: 116 123 - ein eigen telefon og chat for småbarnsforeldre som trenger hjelp og veiledning når kvardagen blir krevande. Telefonen er eit samarbeid mellom Stine Sofies Stiftelse og Mental Helse.

Lenker til sjølvhjelpsmateriell finn du blant anna her:

Helsestasjon, skulehelseteneste og svangerskapsomsorg

Me har ope konsultasjon etter avtale for svangerskapsomsorg, helsestasjons- og skulehelsetenestetilbod. Ta kontakt på tlf 52 79 23 10. Bare ein person kan følgja til konsultasjon.

Svangerskapsomsorg

Følgende konsultasjoner blir prioritert for gravide:

  • Gravide som har påvist sjukdom, er i risiko for å utvikla sjukdom, vere til skade for seg sjølv, fosteret eller barnet på sikt.
  • Konsultasjon til gravide der det er knytt usikkerheit rundt fosterets trivsel og vekst
  • Gravide som av fysiske, psykiske eller sosiale grunner har utfordringer med å ivareta eigne og foster/barnets behov.
  • Rh Neg gravide, har behov for kartlegging foster Rhd og profylakse
  • Konsultasjon for å sikra at barselkvinner og nyfødte får forsvarlig oppfølging etter fødsel.
  • Barselkvinner: Infeksjon, blødning, ammeveiledning og psykisk helse, traumer ol.
  • Barnet: Risiko for omsorgssvikt, vald, at de tar til seg nok næring, avdekking av sjukdom som eks. gulsott, infeksjon.
  • Det må sikres at gravide med språkbarrierer forstår informasjon som blir gitt.
  • Heimebesøk blir vurdert individuelt.

Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom

Følgjande er prioritert: 

  • Nyfødte
  • Gjennomføre barnevaksinasjonsprogrammet (følg råd om smittehåndtering)
  • 6 vekers konsultasjon med lege og helsesjukepleiar (inkl vaksine)
  • Barnevaksinasjonsprogram: 3, 5, 12 og 15 månader.
  • Følge opp barn og unge med spesielle behov eller familiar det er bekymring for.
Helseinstitusjonar, dagsenter og omsorgssenter

Helseinstitusjonane, Suldal bu- og aktivitetstiltak, Suldal sjukeheim og Vinjar bu og omsorgssenter er stengde for besøk inntil vidare. Dagsentera er også stengde.

Fysioterapi

Fysioterapi er stengt for oppmøte. Bare behandling etter avtale.

Fysioterapeutane er tilgjengeleg på telefon frå 09.00-15.00. Du kan ringe tlf 489 97 096.

Barnevern

Barnevernet i Sauda og Suldal har alltid ope.
Karantene, isolasjon og manglende dagtilbod kan føre til at barn og ungdom som opplev skadeleg heimesituasjon er meir sårbare enn vanleg. Det er viktig at barn, ungdom og voksne kontaktar barnevernet når dei er bekymra for eit barn eller ein ungdom er i behov for akutt hjelp, og når situasjonen er som no. 

Barnevernet kan nås på dagtid tlf 52 78 60 30 og tlf 469 42 992 etter kl 15.00

Barn og unge kan også kontakte alarmtelefonen på 116 111