Oversikt over offentlege tenester

Oversikt over tenestetilbod med avvik frå normal drift i perioden med koronatiltak. NB! Det vil bli lagt til fleire tenester fortløpende. Finn du ikkje det du leitar etter? Kontakt oss her

Helse og omsorg

Nav Suldal

Nav Suldal er stengt for besøkande inntil vidare for å redusere smittefaren, men har opningstid på telefon kl 08.00 - 15.30 på kvardagar. 

Har du gått kraftig ned i inntekt? Her kan du sjekke om du kan søke bustønad hjå Husbanken. Inntekta til alle som bur i husstanden blir lagt til grunn i inntektsgrunnlaget.

Legekontor

Henvendelsar om koronaspørsmål:

Logg deg på helsenorge.no i størst mogleg grad, både for spørsmål om du tenker du kan vera smitta eller andre henvendelsar. Her kan ein avtale timar og vidare kontakt. Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no og er frisk kan du ringja tlf 815 55 015 dersom du har spørsmål om koronavirus.

Andre henvendingar til legekontoret:

Suldal legekontor ønskjer av omsyn til smittevern å avgrense fysisk oppmøte for alle på legekontoret. Konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp blir gjennomført etter avtale. Me ønskjer at innbyggarane tek kontakt når dei er sjuke og treng hjelp, men prioriterer i denne situasjonen personar med alvorlege og kroniske helseplager først.

Ikkje møtt på legekontoret uten avtale, og gi beskjed når du tar kontakt om du har luftveisplager (som snørr, hoste, vondt i halsen). Me opplever til tider stor pågang på telefon, og ber om forståing for at det kan bli ventetid. Dersom det er avtalt at legen tar kontakt per telefon, vil han ta kontakt.

Kontakt oss her:

1. SMS - Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097. SMS-ane til legekontoret vert lest før opningstid, og i løpet av dagen.

2. Telefon - opningstid på telefon er i utgangspunktet som før, men det kan skje tilpassingar om morgonen etter behov. Me ber om forståing for dette. Tlf 52 79 23 00.

Ring legevakt tlf 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.

Ved livstruande sjukdom eller skade ring 113.

Pneumokokkvaksine

I ein normalsituasjon, anbefalar Folkehelseinstituttet vaksine mot pneumokokkar til alle over 65 år og grupper med immunsvikt eller kroniske sjukdommar. No er det vanskeleg å skaffe vaksinar, og difor har Folkehelseinstituttet laga ei liste over kven som blir prioritert til vaksinasjon. Denne lista kan endre seg ettersom det kjem påfyll med vaksinar. Legekontoret oppfordrar alle som høyrer til gruppene i lista under, om å ta kontakt dersom dei trur dei bør ha påfyll av vaksina.  

Prioriterte grupper er personar med: hivinfeksjon/aids, stamcelletransplantasjon, anatomisk eller funksjonell miltmangel, cerebrospinalvæskelekkasje, b-cellesvikt, inkludert a- og hypogammaglobulinemi, hematologisk kreft (leukemi, lymfom, myelomatose) og organtransplantasjon.

For personar med andre medisinske tilstander som gir høg og moderat risiko for pneumokokksjukdom bør lege gjere ei medisinsk vurdering av om vaksinasjon kan utsettast. Eit unnatak er i samband med operasjon av cochleaimplantat som bør prioriterast for vaksinasjon.

Psykisk helse

Det er reduksjon/endring i vårt tilbod framover på grunn av at me ønskjer å redusera smitterisikoen knytt til Covid-19 mot pasientar/brukerar og helsepersonell. De som allereie har avtalar vert kontakta for avklaring om vidare oppfølging pr tlf.
Covid-19 utbruddet er ein vanskelig situasjon for oss alle, små og store. I slike situasjonar kan det vere fint å søkja hjelp, støtte eller veiledning. 


Psykiatrisk sjukepleiar, helsestasjon og kommunepsykolog for barn og unge vil være tilgjengelig på tlf. Det er og mulig å sende ein sms, slik at me kan ta kontakt med deg.

Send sms eller ring:

  • Psykiatrisk sjukepleiar: Måndag, tysdag og torsdag frå kl. 13.00 - 15.00. Tlf 474 57 571
  • Kommunepsykolog barn og unge: Frå kl 10.00 - 12.00 på kvardagar, tlf: 907 79 616 
  • Helsestasjon: I opningsida, tlf 52 79 23 10
  • Mental helse sin hjelpetlf: 116 123 (open heile døgnet)
  • Foreldresupport: 116 123 - ein eigen telefon og chat for småbarnsforeldre som trenger hjelp og veiledning når kvardagen blir krevande. Telefonen er eit samarbeid mellom Stine Sofies Stiftelse og Mental Helse.

Lenker til sjølvhjelpsmateriell finn du blant anna her:

Helsestasjon, skulehelseteneste og svangerskapsomsorg

Me har ope konsultasjon etter avtale for svangerskapsomsorg, helsestasjons- og skulehelsetenestetilbod. Ta kontakt på tlf 52 79 23 10. Bare ein person kan følgja til konsultasjon.

Svangerskapsomsorg

Me følger svangerskapskontrollane som før Coronavirus,- ut fra nasjonale anbefalinger og retningslinjer. Men ved konsultasjon må ein:

  • Vere frisk
  • Møte aleine (uten partner, barn).

Me har førebels ikkje gruppeundervisning i svangerskap/barsel.

For kontakt med jordmor ring tlf 52 79 23 10 eller legevakt 116 117.

Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom

  • Helsestasjon har gått tilbake til normal drift. Unntaket er gruppekonsultasjonar som blir gjort om til individuelle konsultasjonar.
  • Helsestasjon for ungdom - bare etter avtale
Suldal sjukeheim, Vinjar bu og omsorgssenter, Suldal bu og aktivitetstiltak og dagsenter

 

Vinjar bu og omsorgssenter og Suldal sjukeheim

Les meir om besøk for pårørande her.

Suldal bu- og aktivitetstiltak

Dagsenteret har opna noko opp og går mot ei gradvis opning til etter sommerferien.

I bufelleskapa er fellesareala er stengt for besøkande, men bebuarane kan få besøk i leilighetane sine. Me oppfordrar til å begrensa besøk for å hindre smitte, og minner om å halde god avstand og generelle smitteverntiltak.

 

 

Fysioterapi

Fysioterapi er stengt for oppmøte. Bare behandling etter avtale.

Fysioterapeutane er tilgjengeleg på telefon frå 09.00-15.00. Du kan ringe tlf 489 97 096.

Barnevern

Barnevernet i Sauda og Suldal har alltid ope.
Karantene, isolasjon og manglende dagtilbod kan føre til at barn og ungdom som opplev skadeleg heimesituasjon er meir sårbare enn vanleg. Det er viktig at barn, ungdom og voksne kontaktar barnevernet når dei er bekymra for eit barn eller ein ungdom er i behov for akutt hjelp, og når situasjonen er som no. 

Barnevernet kan nås på dagtid tlf 52 78 60 30 og tlf 469 42 992 etter kl 15.00

Barn og unge kan også kontakte alarmtelefonen på 116 111
 

Andre offentlege tilbod

Bibliotek

Biblioteket på kulturhuset har no vanlege somaropningstider på kvardagar frå 10 - 15. 

Me ønskjer å opne for laurdagsope frå 20. juni, med opningstid 11 - 15. 

Filialane er opne i si vanlege opningstid fram til og med veke 25.

Tannlege

Tannhelse Rogaland har opna alle sine tannklinikkar igjen. Etter anbefaling frå Helsedirektoratet vil det vere redusert behandlingstilbod. Pasientar kan ta kontakt med sin tannklinikk per telefon. Me ber om at ingen møter opp utan avtale. Alle pasientar som skal ha time må besvare nokre faste spørsmål for å avklara mht smitte med Sars-CoV-2 (nytt koronavirus). Det gjeld og eventuell ledsagar. 

Behandling av pasientar med mistenkt, sannsynleg eller påvist smitte, skal som hovudregel utsettas. Ved behov for akutt tannbehandling vil pasient bli henvist til eigne beredskapsklinikkar.

Førebels blir det ikkje starta opp med folkehelsearbeid på skular, i barnehage og ved institusjonar. Her kan du sjå film med gode råd til småbarnsforeldre og barn frå Tannhelse Rogaland.

Kommunehuset

Kommunehuset opnar att 11. mai, etter å ha hatt koronastengt sidan mars. opningstidene er som før: 08:00 til 15:30. Du kan også nå oss på postmottak@suldal.kommune.no og tlf 52 79 22 00

Nav Suldal

Nav Suldal er stengt for besøkande for å redusere smittefaren, men har opningstid på telefon kl 08.00 - 15.30 på kvardagar. 

Barnehage og skule

Alle elevar er no tilbake på skulen. Ta kontakt med din skule for informasjon om eventuelle lokale tilpassingar. Skulane sender informasjon om endringar direkte til føresette.

Barnehagane har gått tilbake til vanlege opningstider. Borna skal framleis ha med niste. Barnehagane sender ut informasjon til dei føresette om løysningar og tilpassingar i den einskilde barnehage.

Skule

Her finn du informasjon til føresette i skulen.

Barnehage

Når kan born, føresette og tilsette komma i barnehagen?

  • Når dei ikkje har symptom på sjukdom.
  • Ved gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan born og tilsette komma tilbake etter at dei har vore symptomfrie i 1 døgn.
  • Om ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje har påvist covid-19, kan bornet og den tilsette møte i barnehagen som normalt. Desse skal imidlertid gå heim fra barnehagen om de får symptom (sjå under).
    -    Barn og tilsette med typiske symptom på pollenallergi (kjent pollenallergi, rennende nese med klart nesesekret, rennende/kløende øyne) kan møta i barnehagen.
    -    Mange barn har ofte rennande nase uten andre symptom på luftvegsinfeksjon, og særleg etter at dei har vore ute. Desse barna kan komma i barnehagen om barnet er friskt.
    -    Føresette som er friske og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan følgje og henta barna sine i barnehagen som normalt.

Når skal barn, føresatte og tilsette ikkje møte i barnehagen?

  • Barn og tilsette med luftvegssymptom:
    -    Barn og tilsette skal sjølv med milde luftvegsymptom og sjukdomskjensle halde seg heime til dei har vore symptomfrie i 1 døger.
  •  Barn eller tilsette som har stadfesta covid-19:
    -     Skal vere i isolasjon. Det er helse- og omsorgstenesta som besluttar kven som skal vere i isolasjon etter råd gitt av Folkehelseinstituttet. 
  • Barn eller tilsette som er nærkontaktar/husstandsmedlem til en person med bekreftet covid-19:
    -    Skal vere i karantene. Det er helse- og omsorgstjenesta som besluttar kven som skal vere i isolasjon etter råd gitt av Folkehelseinstituttet. 
  • Føresette som har luftvegssymptom, er i karantene eller isolasjon:
    -    Skal ikkje møte i barnehagen, og må finna andre løysningar for følging og henting av barna.

Om sjukdom oppstår i barnehagen

  • Barnehagen vil da kontakta føresette, og be dei henta barnet så fort som mogleg. Fram til barnet er henta, må barnet venta på eige rom eller ute saman med ein tilsett. 
  • Barn med kroniske sjukdommar
    -   Barn med kroniske sjukdommar kan som hovudregel møta i barnehagen. Les meir om dette i Udir sin rettleiar. 

Her kan du lese brev til dei føresette i barnehagar om organisering frå 27.04.20. (PDF, 336 kB)

Foreldrebetaling

  • Foreldrebetaling går som normalt frå 20.april. Det blir ikkje fakturert for matpengar f.o.m. april og utover.
  • Oppseiing av plass skjer etter ordinære vedtekter.
  • Som hovudregel blir det ikkje gitt permisjon med fritak fra foreldrebetaling. Det blir gjort unntak for barn med kroniske sjukdommar, som har legestadfesting på at dei ikkje kan vere i barnehagen. 

 

Haugaland brann og redning

Brannstasjonen er stengt for besøkande inntil vidare. Les meir på Haugaland brann og redning si heimeside.

Suldal bad, kulturhus og idrettsanlegg

Suldal bad, Suldalshallane, og kulturhus er stengt frå 12.03 kl 18.00 inntil vidare.

Oppdatering på nokre av kulturtilboda i kommunen:

  • Kino starter opp søndag 10. mai, men med begrensa antall plassar.
  • Bibliotek opner onsdag 13. mai.
  • Kafè på Kulturhuset opner Take Away torsdag 14. mai

Opning av idrettsanlegget på Eide

Suldal kommune vil opne opp for aktivitet igjen i Suldalshallen, Sandhallen og uteområdet på Eide i veke 21. I den tida anlegget har vore stengd har våre dyktige kollegaer innan reinhald vaska ned bygga, så dei nå er skinnande reine.

Me ser at det er eit stort behov for at også brukarane sitt utstyr blir reingjort grundig, og ber alle laga reingjere eige utstyr før me startar opp igjen. Det er kommunens ynskje å opne opp anlegget allereie måndag 18. mai 2020, så me ber brukarane ta kontakt med kommunen for reingjering snarast råd. Nøkkel kan hentas ut ved kommunens servicetorg.

Ditt lag vil ikkje kunne trene før eige utstyr er reingjort.

Kommunen har sendt ut eige skriv med retningsliner til brukarane av anlegget, og ber om at alle føljer desse. Hugs dei generelle smittevern-tiltaka;

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand

Suldal kommune vil førebels ikkje tilby utleige av anlegget, og det opnas berre for organisert aktivitet. Leiar av laget er ansvarleg for at retningslinene blir følgd.

Miljøstasjon i Gåsavika

Miljøstasjonen i Gåsavika opnar igjen frå 02. april, men fleire tiltak er iverksett for å redusere smitte av koronavirus. Det viktigaste er: Ikkje besøk oss dersom du sitt i karantene, har påvist smitte eller føler deg sjuk. Les meir på IVAR IKS si heimeside.

Kyrkje og gravferd

For arrangement i kyrkja gled også reglane om maks 50 personar samla med 1 meters avstand

Ta kontakt med Kyrkja i Suldal om du har spørsmål kring dette, Telefon: 527 90 200
Epost: post@suldal-kyrkje.no

Møter og arrangement

Frå 7. mai er det mogleg å ha arrangement med inntil 50 deltakarar, dersom ein kan ha 1 meters avstand og det er ein arrangør for arrangementet. Det gjeld berre arrangement på offentleg stad med ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er tilstades.

Ballbingar og hallar

Frå 23.03 stengjer Suldal kommune alle ballbingane rundt om i grendene. Elevar i grunnskulen i Suldal har fått melding om dette via Transponder, det digitale meldebok-systemet suldalsskulane brukar. Informasjon om stenginga vil også bli hengt opp ved bingane.

Oppdatering:

Suldalshallen og Sandhallen, uteområde vil bli opna igjen frå måndag 18. mai 2020, men med noko redusert tilgang. Garderobar, styrkerom i Suldalshallen og kiosk vil fortsatt vere stengd.

Nye retningsliner vil kome i løpet av neste veke.