Oppdatering om koronaviruset

Kva gjeld i Suldal? 

Denne sida inneheld informasjon som er relevant for Suldal kommune spesielt og vil i tida framover redigerast og kvalitetssikrast dagleg frå mandag til fredag. Drifta av kommunen blir justert i høve auka smittefare og me har noko reduserte tenester. Sjå eiga informasjonside om kva som er ope i perioden.

Kommunen er i beredskap. Situasjonen endrar seg raskt og nettsida er ikkje alltid oppdatert, og me oppmodar alle til å følgje med via offentlege kanalar. For generell informasjon om viruset og nasjonale råd og tiltak sjå Folkehelseinstituttet sine temasider.

Rådmannen disponerer tilsette fortløpande med koronaberedskap som høgaste prioritet. Som konsekvens må folk difor vente noko lengre sakshandsamingstid og mindre tilgjengelege tenesteleiarar den næraste tida.

Information in other languages: 

Important information about coronavirus, quarantene and isolation in Arabic, Dari, Farsi, French, Italian, Kurmanji, Lithuanian, Pashto, Polish, Punjabi, Romanian, Russian, Sami, Somali, Sorani, Spanish, Tagalog, Thai, Tigrinja, Turkish, German, Urdu and Vietnamese.

 

Henvendelsar om koronaspørsmål:

Logg deg på helsenorge.no i størst mogleg grad, både for spørsmål om du tenker du kan vera smitta eller andre henvendelsar. Her kan ein avtale timar og vidare kontakt. Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no og er frisk kan du ringja 815 55 015 dersom du har spørsmål om koronavirus.

 

Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale!

 

 

Andre henvendingar til legekontoret:

Me ønskjer at de ikkje møter på legekontoret utan avtale, og ber dykk ta kontakt per:

1. SMS - Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097. SMS-ane til legekontoret vert lest før opningstid, og i løpet av dagen.

2. Telefon 52 79 23 00 - les opningstidene her

 

Status i Suldal

Det har vore eitt tilfelle av koronasmitte i Suldal, påvist 26.juni.
Kommunen følgjer utviklinga, og kriseleiinga har jamnlege møte. Me ønskjer å vere føre var og følgjer fortløpande opp nasjonale vedtak og tilrådingar.

Vidare har ein person folkeregistrert i Suldal testa positivt for korona 06.september. Vedkommande oppheld seg ein annan stad i Noreg, og smittesporing har avdekka at det ikkje er fare for lokal smitte. 

Testtala blir oppdatert vekentleg. Dersom det kjem fleire positive prøver vil me umiddelbart gå ut med beskjed.

Konfirmasjon i haust? Her kan du lese kva smittevernteamet vårt har av råd, 15.08.2020.

Status i Suldal og lokalt vedtak

Smittestatus i Suldal 14.09.2020
Oversikt over antal personar som er testa
Veke Antal testa Positiv for koronavirus Negative/venter svar
11 - 25 110 0 110
26 8 1 7
27 19 0 19
28 20 0 20
29 22 0 22
30 24 0 24
31 27 0 27
32 31 0 31
33 38 0 38
34 46 0 46
35 44 0 44
36 68 0 68
37 69 0 69

Tala blir oppdatert vekentleg. Sist oppdatert 14.09.2020

Totalt har Suldal kommune testa i overkant av 500 personar for koronavirusinfeksjon, og 1 av desse har testa positivt. (dette var i juni). I september testa ein person folkereigstrert i Suldal, men som ikkje oppheld seg i kommunen, positivt ein annan stad i landet. Det er ikkje lokale nærkontakter til den smitta i Suldal.

Suldal kommune følgjer utviklinga tett. Kriseleiinga har jamnlege møte. Me ønsker å vera føre var og følgjer fortløpande opp dei nasjonale vedtaka og tilrådingane. 

Når Suldal kommune har hatt første tilfellet med påvist koronavirusinfeksjon, så er det ei påminning om at me alle nå må:

  • Halda avstand (minst ein meter)
  • Vaska hender
  • Halda deg heime om du får luftvegsymptom
  • Om du treng legehjelp kan du ringe fastlegen din, eller ta kontakt med legevakt 116 117

Me vil be våre innbyggarar om å vere med på samfunnsdugnaden for å unngå smittespreiing. Du kan gjere mykje for å unngå smitte av koronavirus. Ved å vektlegge god hygiene og halde avstand bidrar du til å halde deg frisk og beskytte sårbare grupper og deira pårørande mot smitte. 

Me oppfordrar også våre innbyggarar til å handla lokalt, for å unngå smittespreiiing og støtta butikkane i Suldal. Me vil oppfordre alle til å halde seg mest mogleg i kommunen, og å unngå å samlast i store grupper. Me er heldige og har god plass! Pass likevel på å halde avstand, også når du er ute på tur.  

Følg med på råd frå helsedirektoratet, og hald deg oppdatert i nyhetsbiletet, slik at du til ein kvar tid har oppdatert informasjon. 

Utlandsreiser som tilsett innan helse og omsorg

 

Utlandsreiser kan representera ein auka risiko for smitte av covid-19 inn i helseinsitusjonar og pasientheimar. Måndag 20. juli kom helsedirektoratet med nye råd for helsepersonell som har vore i utlandet eller har besøk som har vore i utlandet.

Informasjonen under gjeld tilsette i helse og omsorg (inkl. kjøkken-/vaskeripersonale, reinhaldarar , heimehjelparar og vaktmeistrar), som har nærkontakt med pasientar eller brukarar.

Tilsette i helse og omsorg (som nemnt over) skal følgje ut eit eigenerklæringsskjema dersom dei har vore utanlands dei siste ti dagane. 

Skjemaet finn du her: Suldal kommune sitt eigenerklæringsskjema for tilsette som har vore utanlands.  

Helsepersonell som vel å reise til "grøne land" utanom Norden, bør testast etter heimkomst og før dei er i kontakt med pasientar og brukarar. 

Er du helsepersonell og har hatt besøk i heimen frå karantenepliktige land, ta kontakt med din leiar.

Informasjonsbrevet frå helsedirektoratet kan du lese her.

Lokalt vedtak oppheva

Suldal kommune hadde eit lokalt vedtak som gjaldt frå 27.03.20 til 7. mai. Dette er no oppheva.

Les meir her

Hyttesuldølar

21. April kom det nye nasjonale råd om fritidsreiser, og me i Suldal er glade for at det er mjuka opp på dette punktet.
Regjeringa og FHI seier no at reiser til hytta utgjer mindre fare for smittespreiing.

Her kan du lese dei nye råda.

Me ber våre hyttesuldølar om å forhalde seg til nasjonale råd, og vil gjerne opplyse om at:

  • Butikkane i Suldal er dimensjonert for mange besøkande, og er godt førebudd og klare til å ta i mot gjester
  • Suldal har ingen bekrefta tilfelle av korona
  • Me har førebudd oss grundig i helsesektoren, og er godt rigga til å gi legeteneste ved behov

 

Testing av personar og hindring av smitte

Legekontoret riggar seg no for å kunne testa 5 % av innbyggarane i Suldal for covid-19 kvar veke, slik Helsedirektoratet har tilrådd kommunane.

Testing av personar og hindring av smitte

Råd til vaksne med luftvegssymptom

Dersom du får luftvegssymptom utan kjent årsak tilrår me test for covid-19. Du må halde deg heime frå arbeid/skule og unngå kontakt med andre utenfor husstanden din til svar på testen føreligg. 

Ved negativ test kan du returnera til arbeid/skule dersom du har god allmenntilstand (kjennar deg frisk og feberfri), sjølv om du fortsatt har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. Det er ikkje eit krav at ein er symptomfri, men ein må vere i god form OG kunne visa til negativ test. 

Sjå Folkehelseinstituttet for meir informasjon. 

Born i skule og barnehage

Råd ved born og luftvegsinfeksjon

I tilfelle med feber og hoste bør born testast for covid-19.

Ved lette luftvegssymptom utan feber kan ein sjå ann tilstanden heime. Dersom tilstanden ikkje betrar seg innan eit par dagar tilrår me testing for covid-19. 

Dersom tilstanden betrar seg raskt kan bornet returnera til skule og barnehage utan test.

Sjå Folkehelseinstituttet for meir informasjon.

Kven blir testa for koronaviruset?

Suldal følger Folkehelseinstituttet sine anbefalingar om kven som skal testast for korona. Du kan lesa retningslinjene på Folkehelseinstituttets side om testing og diagnostikk.

Legekontoret riggar seg no for å kunne testa 5 % av innbyggarane i Suldal for covid-19 kvar veke, slik Helsedirektoratet har tilrådd kommunane. Me oppfordrar alle med hoste, tungpust og /eller feber om å ta kontakt med legekontoret for å vurdera behov for legeundersøking og eventuell testing. Dei med milde symptom oppfordrar me til å vente heime i 2 dagar for å sjå om symptoma går over av seg sjølv.

Legekontoret ber alle som er usikre på om dei burde hatt ei legeundersøking, om å ta kontakt.

Her finn du lista for prioriterte indikasjonar for testing av covid-19:

  1. Pasientar med behov for innlegging
  2. Pasientar/bebuarar i helseinstitusjonar 
  3. Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid.
  4. Personar over 65 år, eller voksen med underliggande, kronisk sjukdom*
  5. Personar som er i karantene på grunn av nærkontakt til eit bekrefta tilfelle av covid-19, eller etter reise.
  6. Ansatt, barn eller elev i gjenopna barnehage, skule eller skulefritidsordning.
  7. Ny kategori: Andre med mistenkt covid-19.

*Alvorleg eller dårlig regulert underliggande sjukdom som hjerte-karsjukdom, diabetes, sjukeleg overvekt, kronisk nyresvik, betydelig nedsatt lungefunksjon mm.

Korleis får eg svar etter test for covid-19?

Legekontoret vil kontakta deg når prøveresultat føreligg. Du kan sjølv følgje med på www.helsenorge.no, då prøveresultat vert publisert løpande.

Heimekarantene og isolat

Heimekarantene

Dersom du ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, men kan ha vore eksponert for viruset gjennom reise eller kontakt med nokon som er smitta, skal du vera i karantene. Då har du noko meir bevegelsesfridom enn isolat, men skal ikkje på på arbeid, skule eller oppsøke stader der du kan treffe folk.

Råd til personer i heimekaranatene

Heimeisolasjon

Dersom ein har mistanke om smitte og ein ventar på svar på prøven, eller ein har påvist smitte av koronavirus, skal ein opisolera seg enten heime, i helseinstitusjon eller anna stad. Heimeisolering gjeld for personar som sannsynleg har eller påvist covid-19, men som er frisk nok til å klare seg utan helsehjelp.

Råd til pasientar som isoleres i heimen

Les meir om forskjellen på heimekarantene og heimeisolering her

Spørsmål om karantene i Suldal kommune?

Om du er usikker på om du skal i heimekarantene, eller har spørsmål til det innførte vedtaket kan du kontakta Servicetorget ved å senda ein e-post til postmottak@suldal.kommune.no

Andre nyttige lenkjer:

 

Har du spørsmål?
Du finner god og oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider www.fhi.no
Dei har også ein eigen informasjonstelefon, 815 55 015. Ring denne telefonen om du har spørsmål om koronaviruset.
 

WHO har erklært koronavirusutbrotet som internasjonal folkehelsekrise. Suldal kommune forheld seg til råd og retningsliner gitt av helsemyndigheitene.

Spørsmål?

Om du har spørsmål kan du kontakta Servicetorget ved å senda ein e-post til postmottak@suldal.kommune.no

 

Næringsliv

Situasjonen pregar næringslivet, bedrifter og aktiviteter sterkt og gjer det utfordrande for både små og store bedrifter. 

Næringsliv

Næringsaktørar i kommunen

​Suldal kommune har lansert eit kompetansefond for lokalt næringsliv som du kan lesa om her.

Råd til næringslivet 

                                                                                                                                                             Sand 14.4.2020

Til Næringslivet i Suldal Kommune

Først vil eg takke alle for ei god innsats med smittereduserande tiltak i desse koronatider. Det er uvisst kor lenge denne situasjonen vil vare, men truleg må vi behalde ein del tiltak i alle fall ut året 2020. Det kjem heile vegen nye retningslinjer og anbefalinger frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og eg sender dykk i den anledning ei oppdatering på kva som anbefalast av smittereduserande tiltak for varehandel, inkludert daglegvarehandel. Eg håper de vil ta dykk tid til å lese gjennom punktane på neste side. Eg har også laga ei kort oppsummering, og byrjar med denne:

  • Hansker og munnbind anbefalast IKKJE
  • Det bør vere mogeleg for kundane å vaske seg på hendene eller bruke håndesinfeksjonssprit før ein går inn og ut av butikkane. Ved bruk av hånddesinfeksjonssprit, bør det gå tydeleg fram at ein må vere heilt tørr på hendane innan ein tar på noko i butikkane. Det er fordi det har vore tilfelle der spriten har antent og begynt å brenne. Spriten fordampar, så dette skal ikkje skje når ein er tørr på hendane. 
  • Det bør gjerast tiltak for å unngå kø, til dømes striper på golvet. Avstand på minst 1 meter bør gjelde overalt.

Eventuelle spørsmål kan rettast til postmottak@suldal.kommune.no

Med venleg helsing

 

Stine Daldorff

Konstituert kommuneoverlege i Suldal

Næringslivet i Suldal er hardt ramma av Koronakrisa. Rådmannen sendte i 18. mars ut brev til bedrifter der han orienterte om situasjonen. I brevet blei det sagt noko om kva kommunen kunne bidra med. Det er kome innspel til fleire ting i etterkant.

Førebelse tiltak:

  • Råd og bistand frå kommunen sitt næringsapparat som er Suldal vekst, Bygdautviklaren og Bygdeutvikling.
  • Kommunen vil ha eit «lågterskel» tilbod for utsetting med betaling av kommunale rekningar. Send ein kortfatta e-post til kommunekassen@ryfylkeikt.no om korleis dette råkar bedrifta di. Søknad vert handsama dagleg.
  • Dersom det er bedrifter som har lån i kommunen og som har vansker med tilbakebetaling i desse dagar, så kan det søkast om utsetjing. Her er det også rask saksbehandling.
  • Kommunen vil betala alle rekningar umiddelbart og ikkje venta til forfall (Likviditet)
  • Me vil setja fullt trykk på utbyggingsprosjekt slik at dei kjem i gang så raskt som mogleg.

Viktige lenker:

Hald dykk oppdatert på Folkehelseinstituttet for generell informasjon og på desse sidene med tanke på lokale forhold.

Les om permiteringsreglar, sjukemeldingar og lignende på NAV sine sider

Næringslivets hovedorganisasjon

Direktoratet for sikkerheit og beredskap sin veileder i kontinuitetsplanlegging

 

Retningslinjer servering- og skjenkestader

Kommunen understreker at det er nasjonale retningslinjer og forskrift som gjeld.

Den 27.03.20 blei Covid-19 forskrifta fatta og denne seier at serveringstader kor det serverast mat, kan halde ope dersom dei ivaretek grunnleggjande krav til smittevern. Grunnleggjande krav til smittevern betyr at verksemda skal sørgje for at besøkande og personell kan halde to meter avstand, at ein har utarbeida rutiner for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane blir følgde.

Det er innført strenge hygienetiltak:

  • Folk må halde fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papir eller albuekroken.
  • Ute i det offentlege rom, bør folk ha to meter avstand til andre menneske.
  • Når ein er ute, bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe. Dette gjeld ikkje for dei som er i familie eller i samme husstand.
  • Innandørs bør folk ha to meter avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i samme husstand.

Særleg for serveringsstader i Suldal kommune:

Under står retningslinjene til kommunen knytta til servering- og skjenkestader.

  • I Suldal kommune kan serveringsstader inntil vidare halda ope i tråd med Covid-19-forskrifta. For dei serveringsstadene som også har skjenkeløyve, er det tillate å skjenke alkohol.
  • Matservering skal ikkje skje som buffet.
  • Når matserveringa opphøyrer, må og serveringsstaden stenga, sjølv om serveringsstaden si ordinære opningstid går utover tidspunkt for matservering.

Vilkåra for å kunne halda ope er at serveringsstaden serverar mat. Når kjøkkenet er stengt, tolkar vi forskrifta slik at det ikkje lenger føregår matservering på staden.

  • Grunnleggjende krav til smittevern skal ivaretakast. Informér gjester om gode rutiner for handhygiene og tilby desinfeksjon til hender. Serveringsstaden skal utarbeida rutiner for god hygiene og godt reinhald og desse skal overhaldast.
  • Serveringsstaden skal sørga for at gjester held to meters avstand til kvarandre både innandørs og utandørs, med mindre dei er i familie eller del av same husstand. Det same gjeld for ansatte.
  • Sørg for at borda på staden er plassert slik at avstandskrava på to meter kan overhaldast, både inne og ute. Det bør ikkje leggast til rette for bord med plass til fleire enn fem personar, både innandørs og utandørs.
  • Unngå oppsamling av gjester ved inngangsparti og bar-/bestillingsdisk. La gjerne all bestilling og betaling skje ved borda slik at ein unngår at gjestene samlar seg ved bar-/bestillingsdisk.
  • Bruk kortbetaling og forsøk å unngå kontant betaling.
  • Sørg for ekstra reinhald av dørhandtak, bord, menyar, betalingsautomatar og andre berøringsflater. Unngå å ha tilgjengelige salt-/pepperbøsser, ketsjup-/sennepflasker, korger el. Dette er for å forhindre felles berøringspunkt som kan føre smitte.

Mattilsynet har laga ein faktaartikkel til kantiner, serveringsstader og matbutikker. For øvrig viser me til informasjon på nettsidene til HelsedirektoratetHelsenorge og Folkehelseinstituttet.

Hald avstand for å begrense smitte!

 

Oppfordring til næringlivet

Suldal kommune hadde eit lokalt vedtak som gjaldt frå 27.03.20 til 7. mai. Dette er no oppheva. 

Me oppfordrar næringslivet til å følgje retningslinjene for smittevern i vedlegget.

Tilskot til næringslivet

Kommunestyret har 23.juni vedteke ei tilskotsordning som fylgje av omsetningssvikt grunna korona.

Ordninga omfattar nisjebutikkar og små serveringsstader heimehøyrande i Suldal kommune.

Verksemda må aktivt søkja tilskot frå denne ordninga. Det er ingen automatisk rett til tilskot. For å kunne søkja må verksemda ha hatt, eller forventa å få, reduksjon i omsetning/driftsinntekter. Verksemder med minimum 1 årsverk kan få kr 50 000,-. Andre mindre verksemder som er hardt ramma kan formannskapet vurdera særskilt. 

Tilskotsordninga har ei ramme på kr 1,6 millionar. 

Rådmannen har fullmakt til å tildela tilskota.

Søknadane vert handsama fortløpande. 

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

 

Vil du bidra som frivillig eller har du helsefagleg utdanning eller erfaring?

Me ønskjer framleis at dei som vil bidra registrerer seg som frivillig eller tilgjengelig helsepersonell. Du kan og ta kontakt dersom du treng hjelp.

Vil du bidra?

Har du helsefagleg utdanning?

Har du helsefagleg utdannelse eller erfaring, men arbeider med heilt andre oppgåver i dag? Då kan me trenge deg!  I første omgong ønskjer me ei oversikt over tilgjengelig helsepersonell. Dersom me kjem i ein situasjon der me manglar personell, tek me direkte kontakt med deg.

Desse gruppene er aktuelle:

  • helsefagstudentar
  • medisinstudentar
  • sjukepleiarstudentar
  • vernepleiarstudent
  • personar med helsefagleg erfaring eller kompetanse (og innan privat verksemd).

Dersom du er aktuell håper me at du registrerer deg via vårt digitale skjema.

Ønskjer du å stilla som frivillig - eller treng du hjelp?

Oppmodinga om å halde hovudet kaldt og hjarte varmt favnar breitt i Suldalssamfunnet. Når me no er i korona-beredskap er det fleire i kommunen som har behov for hjelp, og fleire som ønskjer å gjere ein innsats for andre. 

Ønskjer du å stilla deg tilgjengelig som frivillig? Eller treng du hjelp til stort eller smått? 

Då kan du kontakta Frivillighetskoordinator Nenad Ignjatic som organiserar all frivilligheit og formidlar vidare kontakt.  

Det kan vere store eller små oppdrag som til dømes køyring, handlehjelp eller anna støtte i kvardagen.

Legekontor
Telefon 52 79 23 00