Følg arbeidet vårt med ny kommuneplan!
Planen for korleis arbeidet med ny kommuneplan skal gjennomførast vart vedtatt i kommunestyret 23.02.21. Me arbeidar for å få flest mogleg med i denne prosessen. På denne sida finn du informasjon om kva ein kommuneplan er, framdrift i arbeidet med kommuneplanen og korleis du kan medverka i planen.
Arealdelen av kommuneplanen
Fristen for å kome med innspel til endra arealbruk i den nye kommuneplanen var 01.07.2021.
Sjå arealinnspel som er komen inn markert raudt i kartet
Det vert gjennom den vidare kommuneplanprosessen avgjort om ein vil ta inn forslaga i den nye planen. Mellom anna må ein vurdere om det er ei ynskjeleg arealendring. Har ein til dømes område i kommunen med mange hyttetomter som ikkje er solgt, vil det ikkje nødvendigvis vere lurt å regulere inn mange nye i same området. Ein må og vurdere kor egna området er til den nye arealbruken.
Kommunen kan be om dokumentasjon knyta til einskilde områder som grunneigarar eller andre ønskjer å få tatt inn i planen som utbyggingsområde. Forslagsstillar må koste naudsynt dokumentasjon.
Les innspela til arealdelen i fulltekst
Samfunnsdelen av kommuneplanen
Har du gode tankar om korleis framtida i Suldal skal bli? Til dømes korleis ein kan styrke dei ulike grendene og gjere Suldal til ein enno betre plass å bu? Planprogrammet listar opp ein del utfordringar, men ein treng og gode strategiar på korleis ein skal møte desse.
Samfunnsdelen av kommuneplanen skal peike på kva utfordringar kommunen står ovanfor dei kommande åra, men og kva strategiar ein skal bruke for å løyse desse utfordringane. Mellom anna vert økonomiplanen og handlingsprogrammet til kommunen laga med utgangspunkt i kommuneplanens samfunnsdel.
Gjeldande kommuneplan Suldal kommune - samfunnsdel
I haust kan du senda inn innspel til planen.
Send inn innspel
Me ynskjer flest mogleg innspel til arbeidet med ny kommuneplan. I haust skal me mellom anna å ha opne grendamøter.
Innspel kan sendast til kommunens postmottak, via sikker digital post eller via post til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
Grendamøter - ein arena for innspel
Me arrangerar grendamøter i heile kommunen. Møtene er ein arena for dialog og innspel til samfunnsdelen i ny kommuneplan.
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 23.03.2021 09.40