Reduksjon i foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehage
Ordninga skal sikre at inga hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Alle 2-, 3-, 4- og 5 åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid per veke i barnehagen (gratis kjernetid). Ved søsken i same barnehage vert det gitt søskenmoderasjon.
For familiar busett i andre kommunar, med barnehageplass i Suldal kommune, må desse ta kontakt med kommunen der dei er folkeregistrert.
Kommunen har tilgang til det siste skatteoppgjeret dykkar.
Dersom inntekta ikkje stemmer overeins med skatteoppgjeret, eller om skatteoppgjer manglar - må de levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad.)
Les om ordninga på kommunen si heimeside.
Les Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune her.
Redusert foreldrebetaling i SFO
Månadsbetaling reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke, og skal ikkje overgå meir enn 6 % av hushaldet si inntekt for familiar med born i 1. og 2.klasse. For fullt skuleår skal det betalast for 10 månadar.
Kommunen har tilgang til det siste skatteoppgjeret dykkar.
Dersom inntekta ikkje stemmer overeins med skatteoppgjeret, eller om skatteoppgjer manglar - må de levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad.)
Les meir om ordninga på kommunen si heimeside.