• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Vaksinasjon mot HPV (humant papillomavirus) - 7. klasse

Om vaksinasjon

Vaksine mot humant papillomavirus (HPV) er eit tilbod til elevar i 7. klassetrinn. Føremålet er å førebyggje kreft som er forårsaka av viruset. HPV smittar lett ved seksuell kontakt, og dei aller fleste får ein HPV-infeksjon i løpet av livet.
HPV-vaksine verkar førebyggjande. Vaksinen gir derfor best vern når den blir gitt til barn/unge før dei blir utsette for smitte. Derfor får barn tilbod om HPV-vaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i 7. klassetrinn, i god tid før gjennomsnittleg seksuell debut.
I dei fleste tilfella går ein HPV- infeksjon over av seg sjølv i løpet av nokre månader. Av og til kan viruset likevel gi ein langvarig infeksjon, som i sjeldne tilfelle kan føre til forstadium til kreft og kreft. Den vanlegaste kreftforma som er forårsaka av HPV, er livmorhalskreft. HPV kan føre til kreft i ende-tarmen (anus), munnen og svelget, i tillegg til kreft i skjeden og dei ytre kjønnsorgana og på penisen. HPV-vaksinen kan verne mot desse kreftformene.


Om vaksinen
HPV-vaksinen blir sett i overarmen og blir gitt som to dosar med minst seks månaders intervall. Det finnast fleire vaksinar mot HPV og beskyttelsen de gir mot kreft reknast som likeverdig. Vaksinen som brukast i det norske barnevaksinasjonsprogrammet heiter Cervarix. Vaksinar kan, som alle legemiddel, gi biverknader. Dei vanlegaste biverknadene av HPV-vaksine er hevelse og raud hud der vaksinen er sett. Det er òg rapportert om kortvarig feber, hovudverk, trøyttleik, kvalme, oppkast, diaré og magesmerter. Det er ikkje vist at HPV-vaksine
er årsak til kronisk eller alvorleg sjukdom eller aukar risikoen for dette. Symptom som oppstår ettervaksinasjonen, treng ikkje vere ein reaksjon på vaksinen, men kan vere teikn på sjukdom som bør behandlast. Kontakt derfor lege dersom du er bekymra.


All vaksinasjon i barnevaksinasjonsprogrammet er frivillig. Foreldra skal leggje vekt på kva barna vil.
Les meir om vaksinen, korleis vaksinasjonen blir gjennomført og om effekten av vaksinen og eventuelle biverknader på nettsida: www.fhi.no/vaksine-mot-hpv

Hugs å informere helsesjukepleiar
Gi beskjed om barnet har immunsvikt eller bruker medisinar som påverkar immunforsvaret. Gi også beskjed om barnet har allergi eller har reagert allergisk på medisinar eller tidlegare vaksinar. Viss barnet får allergivaksine (hyposensibilisering) eller annan vaksine mindre enn ei veke før eller etter HPV-vaksinen, gi beskjed til helsesjukepleiar. Meir informasjon finst på nettsida: https://www.fhi.no/om-bvp


Andre dose blir vanlegvis gitt minst seks månader etter den første dosen. Helsesjukepleiar vil gi nærmare beskjed om når den andre dosen skal takas. Dersom det skulle oppstå endringar i barnet si helsetilstand mellom 1. og 2. dose, så gi beskjed til helsesjukepleiar.



Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Dersom du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvindauga eller trykke på Avbryt-knappen og deretter stadfestar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon verta borte.
  3. Ingenting vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velgja Send inn-knappen. Han kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øvst til høgre dersom du treng hjelp undervegs i utfyllinga.

Vent...

Loader