Klagefrist
Etter forvaltningslova §29 har du rett til å klage på vedtak innan 3 veker etter at du har mottatt vedtaksbrevet.
Dersom klaga blir sendt for seint, er det høve til å sjå bort frå ho. Har du særleg grunn til det, kan dui likevel søkje om å få klagefristen utsett. Du bør i så fall nemne kvifor klaga kjem for seint.
Innhaldet i klaga
Forvaltningslova §32 (klaga sin adressat, form og innhald)
I klaga skal du skriva kva for eit vedtak du klagar på, og nemne den eller dei endringar som du ønskjer. Du bør grunngi kvifor du klagar og ta med mulege andre opplysningar som kan telje med.
Partane sin rett til å krevje grunngjeving
Dersom du ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan du setje fram krav om å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet du får grunngjevinga.
Rett til å krevje rettleiing og nærare opplysningar
Det forvaltningsorganet som har sendt vedtaket, skal dersom du ber om det, gi nærare rettleiing om klagerett, korleis du går fram ved klage og opplysningar om:
Høvet til å gjera seg kjend med saksdokumenta så langt forvaltningslova gir heimel for dette.
Høvet til å få tildømt sakskostnader etter § 36 i forvaltningslova.
Høvet til å søkja gjennomføringa av vedtaket utsett, om iverksetjinga av vedtaket kan tenkjast å verta til skade for klagaren før avgjerda i klagesaka.
Høvet til å søkja fritt rettsråd, muleg også fri sakførsle.
Her finn du heile Forvaltingslova