Til elevar og føresette
Tid for vaksinasjon mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (DTP-IPV-vaksine)
I det nasjonale vaksinasjonsprogrammet får elevar i 2. klasse (7–8 år) tilbod om ein oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. I vaksinasjonsprogrammet gir ein tre dosar med slik vaksine i løpet av det første leveåret til barnet. For å sikre godt vern på lang sikt gir ein no tilbod om oppfriskingsdose. Elevane vil få tilbod om ein ny oppfriskingsdose mot dei same sjukdomane i 10. Klasse.
Om sjukdomane
Difteri er ein akutt infeksjon i øvre luftvegar som skuldast difteribakteriar. Bakteriane dannar giftstoff som gir stor heving i slimhinnene i halsen slik at det blir vanskeleg å puste. Giftstoffa kan også gå til åtak på hjarte-, nyre- og nervevev. Sjukdomen kan vere dødeleg, og finst i delar av Europa og i andre verdsdela.
Stivkrampe (tetanus) skuldast ein bakterie som kan finnast i jordsmonn. Bakterien dannar giftstoff som går til åtak på nervesystemet og gir muskelstivleik og smertefulle krampar. Smitte kan skje når bakterien kjem i kontakt med sår. Sjukdomen har høg dødelegheit, men smittar ikkje frå person til person. Stivkrampe er sjeldnare i Norden enn i varmare strok.
Kikhoste (pertussis) er ein luftvegsinfeksjon med langvarige (6–12 veker) og kraftige hosteanfall. Kikhoste kan føre til pustestans hos spedbarn og små barn, hjernebetennelse med påfølgjande hjerneskade, og i sjeldne tilfelle til død. Også hos større barn og vaksne kan sjukdomen gi langvarige plager. Sjukdomen er veldig smittsam – nær 100 % fekk sjukdomen før vi begynte å vaksinere.
Poliomyelitt er ein virussjukdom som vanlegvis gir forkjølingssymptom, smerter i kroppen eller magesjuke. Sjukdomen kan gi hjernebetennelse (encefalitt) og kan føre til varige lammingar. Dødsfall skjer. Noreg er i dag poliofritt, men uvaksinerte personar kan bli smitta under reiser og dermed smitte andre uvaksinerte etter heimkomst.
Om vaksinen
Vaksinen som blir brukt, heiter Tetravac. Ved leveringsproblemar på Tetravac er det den identiske vaksinen Tetraxim som brukes (same produsent, same innholdstoffer). Han kan hos nokre gi forbigåande raud hud, smerter og heving på stikkstaden. Nokre får lett feber. Meir informasjon om eventuelle biverknader etter Tetravac/Tetraxim finst på nettsidene til Statens legemiddelverk: www.legemiddelsok.no
Hugs å informere helsesjukepleiar
Gi beskjed om barnet har allergi eller har reagert allergisk på medisinar eller tidlegere vaksinar. Gi også beskjed viss barnet har blitt vaksinert mot stivkrampe det siste året eller får allergivaksine (hyposensibilisering). Meir informasjon finst på nettsida: https://www.fhi.no/om-bvp