Takk for at du deltok ved førre val. Suldal kommune har behov for valmedarbeidarar òg til årets Stortingsval.
Frist for å melde interesse er 09.mai.
Vallova stiller strenge krav til eit korrekt valresultat. Alle som arbeider med val vil få opplæring i dei oppgåvene dei skal utføre.
Me ber deg som tidlegare valmedarbeidar fylle ut dette skjema.
Når skjer valet?
Valet går føre seg i 7 ulike vallokale måndag 08. september. Vallokala har opningstid frå 12:00 – 19:00, medan vallokalet på Sand er ope frå 10:00 – 20:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i vallokalet å organisere arbeidet i vallokalet.
Godtgjersle
Det blir dekka eventuell tapt arbeidsforteneste, og ei godtgjersle på 2000 kr til valmedarbeidarane. Nestleiar og leiar får henhaldsvis godtgjersle på 2500 kr og 3000kr. Det blir også utbetalt kr 500 for obligatorisk opplæring.