Opptak i Kulturskulen

Vil du byrja i Kulturskulen? Nå kan du søkja om plass til hausten. Du kan gå på musikk eller song, drama og biletkunst. Går du i 1. til 4. klasse og ikkje veit heilt kva du vil, kan du melda deg på Kulturskuletimen, som er litt av alt.

Frist for å søkja er 10. mai. Alle som skal søkja må inn på administrasjonsprogrammet, SpeedAdmin.

Klikk deg inn på denne lenkja: https://nosuldal.speedadmin.dk/tilmelding#

Er du alt elev, har du plass vidare på same tilbod. Dette året må me likevel be alle om å søkja, for at elev og føresette skal få tilgang til programmet vårt. Vil du byta tilbod, søkjer du på det nye tilbodet.

Meir om kulturskulen og tilboda finn du i brosjyren vår: https://www.suldal.kommune.no/_f/p9/i8386db4b-8bf4-4f37-b880-f0f82061ee9c/paamelding_2016_171.pdf

Fann du det du leita etter?

Sjå også