Ordføraren sitt februarprogram

Ordføraren sitt februarprogram

Ordførar Mads Drange - Klikk for stort bileteOrdførar Mads Drange Jarle Lunde

Politisk møterunde og lokal heider

I februar er det full møterunde med utvals- og kommunestyremøte, kor fleire viktige saker skal debatterast. Denne månaden er det også kommunalpolitisk toppmøte i Trondheim i regi av KS, kor kommunepolitikarar og kommunebyråkratar frå heile landet samlast. Av saker som sikkert kjem på agendaen og som er av stor betydning for Suldal er til dømes inntektsutjamningssystemet, integrering av flyktningar, og bemanningsutfordringane i det kommunale helsetenestene. Den 21. februar er det også tid for å heidra jubilantar, prisvinnarar og nye pensjonistar på eit hyggeleg treff på Trægården. 

 

 

Nokre viktige oppføringar i ordførarens kalender denne månaden:

Ordførarprogram feb 24
Hending Dato
Representantskapsmøte i IVAR 02.februar
Møte med Naturvernforbundet 05.februar
Ungdomsrådet 05.februar
New Kaupang samling om kraft i Stavanger 08.februar
Kommunalpolitisk toppmøte i Trondheim 12.-14.februar
Formannskapsmøte 15.februar
Kommunestyremøte 21.februar
Fest for jubilantar, prisvinnarar og nye pensjonistar 21.februar
Styremøte Partnerskapet toppvolley Norge 28.februar