Straumstøtteordningar for private hushald og hytter

Desse ordningane er opne for søknad.

Støtte til energieffektiviserande tiltak: 

  • Formålet er å støtta energieffektivisering i Suldal kommune. 
  • Ordninga er eit incentiv for nye tiltak, gjennomført etter 01.10.2022.
  • Tiltak som tidlegare er igangsett, men ikkje ferdigstilt, vil ikkje falla inn under støtteordninga.
  • Ordninga gjeld tiltak ENOVA tilrår. 
  • Bygget må ligge i Suldal kommune og søkjar må vera juridisk eigar. 
  • Når du søkjer må du ha klart: bankid, namn, adresse, personnummer, kontonummer, skildring av tiltak, kopi av tilbod frå leverandør/fakturakopi, faktura ved utbetaling.
  • Les reglement for energieffektiviserande tiltak i Suldal (PDF, 163 kB)

Tilskot til varmepumpe - luft til luft

Tilskotet dekkar inntil 50% av det du betaler for varmepumpe og installering. Du kan maksimalt få kr.20 000,-. 

Søknad registrerast i digitalt søknadsskjema under. Skjema krevjer innlogging med bank-id. 

Du kan installera varmepumpa og søkja om tilskot i etterkant. Alle hytteeigarar og huseigarar kan få støtte til ei varmepumpe. 

Dersom du søkjer i forkant av installasjonen må du dokumentera søknaden ved å lasta opp tilbod på tiltaket og ettersenda faktura. Dersom du søkjer i etterkant av installasjonen er det nok lasta opp faktura i søknaden. Hugs at adressen varmepumpa er installert på må koma klar fram på fakturaen. 

Søknadsskjema for tilskot til varmepumpe - luft til luft

Søkjer du før tiltaket er utført?

Dersom du søkjer før tiltaket er utført må du ettersenda fakture til kommunen når varmepumpa er ferdig installert. I skjema for ettersending må referansenummer i tidlegare innsendt søknad registrerast. Dette referansenummeret finn du i kvitteringen for søknadsskjema du sendte inn.

Skjema for ettersending​ av dokumentasjon til søknad - varmepumpe luft til luft

 

Kontantstøtte for straumutgifter:

  • Personar som kan søkja dette tiltaket må vera folkeregistrert i Suldal kommune pr. 01.09.2022.
  • Du kan registrera 1 søknad per hushald.
  • Kvart hushald vil få dekt kr. 5000,- i kontantstøtte til straumutgifter.
  • I tillegg vert det utbetalt kr. 3000,- per person i hushaldet. 
  • I tilfelle med barn med 50/50 delt bustad vert barnetilskotet delt mellom dei føresette.
  • Tilskotet vert utbetalt over 4 månadar.
  • Når du søkjer må du ha klart: bankid, namn, adresse, personnummer for alle i husstanden, kontonummer for deg sjølv og den du eventuelt søkjer i lag med. 

Under viser døme på kva eit hushald kan få utbetalt. 

Kontantstøtte for straum utbetaling
Hushald Tilskot Tilskot november Tilskot desember Tilskot januar Tilskot februar
1 person 8 000 2 000 2 000 2 000 2 000
2 personar 11 000 2 750 2 750 2 750 2 750
3 personar 14 000 3 500 3 500 3 500 3 500
4 personar 17 000 4 250 4 250 4 250 4 250
5 personar 20 000 5 000 5 000 5 000 5 000
6 personar 23 000 5 750 5 750 5 750 5 750

Søknadsskjema for kontantstøtte til hushaldningar