Reglement for politiske organ og innsynsrett for folkevalde

8 H - Særskilt reglement for grendeutvala

 § 1 Ansvarsområde og gjeremål

Det er eitt grendeutval i kvar skulekrins. Grendeutvala heiter:

Øvre Suldal grendeutval, Vinjar grendeutval, Erfjord grendeutval, Jelsa grendeutval, Hylsfjorden grendeutval og Ropeidhalvøya grendeutval.

Grendeutvala har 5 medlemer med varamedlemer, valde av kommunestyret for kommunevalperioden. Eit av medlemene skal vere kommunestyrerepresentant, kommunestyrerepresentanten skal ikkje vere leiar.

Kommunestyret vel leiar og nestleiar.

Dersom ein medlem fell frå eller blir løyst endeleg frå vervet, vel kommunestyret nytt medlem. Dersom leiaren fell frå eller blir løyst frå vervet, vel kommunestyret ny leiar jamvel om det er valt nestleiar.

Valbare til grendeutvalet er alle som i løpet av valåret blir 18 år og er heimehøyrande i skulekrinsen. Medlemen frå kommunestyret treng ikkje vere heimehøyrande i krinsen viss det ikkje er mogleg å få til. Kommunestyret vel og ei valnemnd på 3 medlemer og 1 varamedlem for kvart grendeutval. I grendeutvalet skal begge kjønn vere representert i samsvar med reglane i kommunelova. Ein bør så langt som råd er, syte for god aldersmessig fordeling.

Grendeutvalet skal arbeida for auka engasjement i krinsen, og for å fremja krinsen sine interesser gjennom samarbeid innan krinsen og med andre offentlege og private organ. Dette samarbeidet med andre offentlege og private organ skal skje på ein måte som ikkje strir mot interessene til andre grendeutval eller mot kommunen sine interesser som samla eining.

Grendeutvala har såleis tildelt ansvar for:

  • oppgåver knytt til fordeling av kulturmidlar
  • Kommunale fellesarrangement i grenda
  • Naudsynt samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ/personar innan ansvarsområdet
  • Arbeidet skal vera i tråd med overordna kommunale planar og retningslinjer

§ 2 Møte i grendeutvalet  

Leiaren kallar grendeutvalet saman til møte i samsvar med vedteken møteplan, når leiaren meiner det er nødvendig, når minst to av medlemene krev det eller når kommunestyre/formannskap krev det.

Medlemene bør kallast inn med minst sju dagars varsel. Med innkallinga skal det følgje saksliste.

Innkalling og sakliste skal sendast postmottak og gjerast kjent på kommunen si heimeside.  

Møta i utvala bør haldast på kveldstid, og skal vera opne for publikum unntatt ved handsaming av saker som krev lukka møte, jamfør kommunelov § 11-5.

Utvala er vedtaksføre når minst tre av medlemene er til stades.  

Ved likt røystetal gir røysta til leiaren utslaget.

Det skal førast referat frå møta. Referat skal så snart som råd sendast medlemene av utvalet og Suldal kommune for arkivering og vidaresending til kommunestyremedlem og kommunedirektør. Referata frå grendeutvalsmøta blir meldt som melding til kommunestyret, og saker som grendeutvala ønskjer tilbakemelding på skal gå som eige skriv til Suldal kommune for sakshandsaming og svar.  

Ordførar og kommunedirektør har høve til å møte med talerett, men ikkje røysterett i grendeutvalsmøte. Dei kan kvar for seg gi andre fullmakt til å møta for seg. Kommunestyremedlemer i krinsen har rett til å delta på møta med talerett, men ikkje røysterett.

Når grendeutvala finn det naudsynt, kan det kallast inn til allmøte i krinsen. Reglane om ugildskap i § 11-10 i kommunelova gjeld og for grendeutvala.  

§ 3 Saker der grendeutvala har avgjerdsrett

Grendeutvalet gjer vedtak innafor den ramma og dei retningslinjene som er vedtatt av kommunestyret, mellom anna:

  • Forvalta pengeløyvingar innafor rammene og føresetnadene for budsjettet.
  • Skipa frivillige arbeidsutval og komitear som skal løysa tidsavgrensa oppgåver (utan ordinær kommunal godtgjering)

Løyvingar til nærmiljøtiltak kan ikkje nyttast som tilskot til lag og organisasjonar.

§ 4 Saker der grendeutvala har uttalerett

  • Plansaker i grenda.
  • Byggesaker i grenda med større/vesentlege avvik frå plan.
  • Saker vedkomande offentlege bygg og/eller anlegg i grenda.
  • Saker vedkomande etablering av ulike kommunale servicetilbod i grenda.
  • Handlingsprogram og budsjett for det som gjeld grenda.

 

Grendeutvalet kan elles ta opp og uttale seg i saker som kan få følgjer for grenda.