6 F - Særslit reglement for politisk forhandlingsutval
§ 1 Ansvarsområde og gjeremål
Politisk forhandlingsutval er eit utval med heimel i kommunelova § 5-6. Politisk forhandlingsutval har tre medlemer frå formannskapet, der ordførar og varaordførar er to av dei. I politisk forhandlingsutval skal leiar i LMT vera representert i saker der det dreier seg om areal. Forhandlingsutvalet utfører forhandlingar på vegne av formannskapet om t.d. kjøp av eigedom og grunn. Kommunedirektøren utgreier saker til forhandlingsutvalet på lik linje med andre utval.
§ 2 Vedtaksmynde
Politisk forhandlingsutval gjer vedtak innanfor den ramma og etter dei retningslinjene som er fastsette i lov eller vedtekne av kommunestyret eller formannskapet.
§ 3 Innstillingsrett til kommunestyret
Politisk forhandlingsutval innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira ansvarsområde, med mindre anna er fastsett i delegeringsreglementet.
§ 4 Saksbehandling
Saksbehandling skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ