2 B - Særskilt reglement for kommunestyret
§ 1 Ansvarsområde og gjeremål
Kommunestyret har 19 medlemer med varamedlemer valde av dei røysteføre innbyggjarane i kommunen etter reglar fastsett i kommuneloven § 5-5, og vedtak i kommunestyret i sak 29/10.
Valet gjeld for den kommunale valperioden. Opprykk og nyval skjer i samsvar med § 7-10 i kommunelova.
Kommunestyret er det øvste kommunale organet og har det totale ansvaret for kommunen si samla verksemd slik det går fram av kommunelova.
Forutan dei gjeremål som er lagde til kommunen i kommunelova og anna lovverk, kan kommunestyre ta opp andre gjeremål etter eige ynskje dersom det ikkje er i strid med lover og overordna regelverk.
Kommunestyret kan utføre gjeremål sjølv eller overlate det til andre organ etter reglar i lov og delegasjonsvedtak. Når kommunelov eller særlov uttrykkeleg seier at «kommunestyret sjølv skal vedta…» så kan ikkje dette delegerast.
Kommunestyret kan likevel krevje lagt fram for seg kva sak det skal vere til orientering eller avgjerd.
Det er ikkje innført kleskode i kommunestyret, men representanten bør kle seg «pent».
Kommunestyret har det øvste ansvaret for å kontrollere kommunen si verksemd. Kommunestyret kan krevje at ei kvar sak skal leggjast fram til orientering eller avgjerd, jf. § 22-1 i kommunelova. Kommunestyret kan gjere om vedtak som er gjort av andre folkevalde organ eller administrasjonen, dersom dei sjølv kunne ha gjort om vedtaket.
§ 2 Sakshandsaming
Alle saker som blir lagt fram for kommunestyret skal som hovudregel ha ei innstilling frå eitt av hovudutvala, formannskapet eller andre utval oppretta av kommunestyret. Eldrerådet, kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet har rett til å kome med uttale og tilråding til kommunestyret i saker som høvesvis gjeld eldre, personar med nedsett funksjonsevne og ungdom. Vedtak frå rådsmøte skal følgje saksdokumenta til kommunestyret.
Kontrollutvalet innstiller til kommunestyret ved val av sekretariat, revisor og revisjonsordning, og når kommunen sitt rekneskap og budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet i kommunen vert lagt fram. Kontrollutvalet kjem òg med innstilling til kommunestyret i saker om forvaltningsrevisjon (§ 23-3), eigarskapskontroll (§ 23-4) og elles i saker der kontrollutvalet utøver funksjonen som kontroll- og tilsynsmynde på vegne av kommunestyret. Kontrollutvalet sin leiar og nestleiar har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker vert behandla. Kontrollutvalet rapporterer til kommunestyret, jamfør kommunelova § 23-5.
Saksbehandlinga i kommunestyret skal elles følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ.
§ 3 Interpellasjon og innbyggarforslag
Interpellasjon er ein førespurnad til ordførar som gjeld eit prinsipielt spørsmål som det er ønske om å debattere i kommunestyret. Spørsmålet skal gjelde saker som høyrer under kommunestyret si verksemd. Interpellasjonar skal ikkje innehalde framlegg til vedtak, uttale eller anna avgjerd som krev avrøysting.
Interpellasjonen skal vere kort, og ikkje innehalde grunngjeving eller kommentarar utover det som er nødvendig for å klargjere spørsmålet. Interpellasjon kan ikkje gjelde saker som allereie ligg til behandling i folkevalde organ, eller ha same innhald som ein allereie framsett interpellasjon som enno ikkje er debattert.
Faste medlemer av kommunestyret kan sende ein interpellasjon til ordføraren og politisk sekretariat seinast ei veke før kommunestyremøtet. Interpellasjonar blir sett opp på saklista i den rekkefølga dei blir meldt inn.
Skriftlege svar på interpellasjonar blir publisert i møteportalen og vil bli protokollert. Interpellanten får først høve til å fremje interpellasjonen, og deretter kan ordføraren fremje sitt svar, inntil 3 minutt taletid. Ordføraren kan velje at kommunedirektøren skal svare. Dersom interpellanten har gyldig fråver kan interpellasjonen bli fremja av ein annan representant frå same partigruppe. Interpellanten og den som svarar kan få ordet inntil to gongar til kvar, inntil 2 min. taletid. Andre representantar kan få ordet ein gong, inntil 2 min. taletid. Det er ikkje høve til replikkordskifte.
Dersom det blir sett fram eit framlegg til vedtak under debatten, bør det som hovudregel gjelde vidare behandling av spørsmålet. Eit slikt framlegg er ikkje eit realitetsvedtak og kan bli tatt opp til avrøysting og vedteke med vanleg fleirtal.
Dersom det blir fremja forslag til realitetsvedtak blir det behandla som eit forslag om å sette ei ny sak på saklista. Ordføraren eller 1/3 av medlemene i kommunestyret kan motsette seg behandlinga av framlegget til vedtak og avskjere ei avrøysting, jamfør kommuneloven § 11-3.
Kommunestyret bør ikkje gjere konkrete vedtak som forpliktar kommunen si verksemd utan saksutgreiing frå kommunedirektøren jamfør kommuneloven § 13-1.
§ 4 Innbyggjarforslag
Innbyggjarane i kommunen kan fremje eit forslag som gjeld kommunen si verksemd med dei atterhald som går fram av § 12-1 i kommunelova. Kommunestyret pliktar sjølv å ta stilling til forslaget dersom minst to prosent av innbyggjarane står bak det. Likevel er 300 underskrifter alltid tilstrekkeleg. Kommunestyret må ta stilling til forslaget seinast seks månader etter at der er fremja.
§ 5 Lovlegkontroll
I samsvar med § 27-1 i kommunelova kan tre eller fleire medlemer av kommunestyret krevje at departementet (Statsforvaltaren) skal kontrollere om eit vedtak er lovleg. Eit slikt krav må fremjast skrifteleg for det organet som gjorde vedtaket innan tre veker frå vedtaket vart gjort. Dersom organet opprettheld vedtaket vert saka sendt til Statsforvaltaren. Kva som kan bli lovlegkontrollert går fram av kommunelova § 27-2. Kontroll av om eit vedtak er lovleg fører ikkje automatisk til utsett iverksetting av vedtaket, men organet som gjorde vedtaket eller Statsforvaltaren kan avgjere at vedtaket ikkje skal setjast i verk før lovlegkontrollen er gjennomført.