Betalt lunsjpause
Hos oss får du betalt lunsjpause! Det betyr at du i praksis jobbar 100 timar mindre i året, enn dei som ikkje har betalt lunsjpause.
Velferdsutvalet
Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera endå betre å jobba i kommunen. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader av den vakre kommunen vår. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassene.
Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag.