Lærling i Suldal kommune

Me tek inn fleire nye lærlingar kvart år, fordelt på fleire ulike fagområde. Det å vera lærling i Suldal kommune vil gi deg ei brei erfaring innan ditt fag. God opplæring, god oppfølging og ikkje minst ein veldig kjekk stad å arbeida.

Suldal kommune gir mellom anna tilbod om læreplass innan følgjande fagområde:

  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdom
  • Institusjonskokk
  • Service- og administrasjon (kontorfag)
  • Byggdriftar

Målsetjinga er at lærlingane i Suldal kommune skal få ei interessant og spanande læretid ute i einingane våre. Som lærling er du ei verdifull ressurs for kommunen. Lærlingar får oppfølging av opplæringskontoret, og instruktørar ute på arbeidsplassane. Saman legg me til rette for at du som lærling får den nødvendige kunnskapen og kompetansen til gå opp til fagprøve i faget ditt.

Me samarbeidar med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon, sjå www.rytopp.no

Me søkjer deg som:

  • Har bestått VG1 og VG2
  • Har god orden og oppførsel
  • Er personleg eigna
  • Visar initiativ og engasjement for faget ditt
  • Har lite fråvær frå vidaregåande
  • At du er service- og omsorgsorientert
  • Har gode samarbeidsevner

I Suldal kommune ønskjer me oss tilsette som har rom for alle, men blikket for den enkelte. Me har eit ønskje om å skapa kompetente og gode medarbeidarar for innbyggjarande våre.

Me ønskjer deg velkommen til å søka læreplass eller jobb hjå oss i Suldal kommune!

Søk her

Tordis-Kristin Tobiassen
Løns- og personalsjef
E-post
Telefon 52 79 22 24
Mobil 996 17 776