Jobb innan helse og omsorg i Suldal

Vil du jobba innan helse- og omsorg hjå oss? Framtidas omsorg er på god veg i Suldal kommune.

Me rustar oss for framtida og treng leiarar, legar, sjukepleiarar, helsesjukepleiar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Hos oss kan du jobba med dei fleste brukargruppene i alle livsfasar. Du vil få høve til å utvikla deg og jobba i eit hektisk med fagleg sterkt miljø.

Våre medarbeidarar gjer ein viktig og flott innsats for dei som har trong for helsetenester, men me treng deg også.

Me har unike einingar

Me tilbyr tenester til personar i alle aldrar og ved ulike einingar.

I helseavdelinga finn ein helsestasjon, fysio- og ergoterapi samt legekontor. Alle legane i Suldal er kommunalt tilsette. Helseavdelinga held til i moderne lokaler sentralt på Sand.

Suldal sjukeheim ligg vegg i vegg med helseavdelinga og har per i dag ei avdeling for demente og ei avdeling for somatisk sjuke.

Suldal heimeteneste tilbyr tenester innan heimesjukepleie, praktisk bistand og psykiatri. Tilbodet knytt til heimesjukepleie har døgndrift. Bestillarkontoret er også ein del av Suldal heimeteneste og eininga held til i nyoppussa lokaler på Sand.

Suldal bu- og aktivitetstiltak tilbyr tenester til personar med utviklingshemming samt avlastning for barn. Eininga har eit variert tenestetilbod og døgnbemanning i bustadane til bebuarane. Avslastingsbustaden opna i 2019.

Vinjar bu og omsorgssenter ligg på Suldalsosen og tilbyr per i dag heimebaserte tenester.

NAV Suldal gir tilbod til menneske som treng oppfølging for å kome i arbeid, anten årsaka er helserelatert eller ein av ulike årsakar står utan arbeid. Vidare gir NAV oppfølging knytt til økonomi anten i form av stønadar eller råd og rettleiing. NAV Suldal ligg sentralt plassert i gata på Sand.

Visjon

 

Suldal har forsvarlege og kostnadseffektive helse-, omsorgs- og sosialtenester der det vert lagt vekt på førebygging og livskvalitet.

Suldal har eit forsvarleg og godt helsetilbod tilpassa den einskilde brukar.

To tilsette i arbeid på legekontor - Klikk for stort bileteTo tilsette i arbeid på legekontoret  

Kvifor bør du som er utdanna innan helse søkja deg til Suldal kommune?

Innan helse og omsorg ønskjer ein å gi gode tenester til innbyggjarane der dei er. Brukarmedverknad står sterkt. Suldal er ein av seks kommunar i landet som er pilotkommune i prosjektet «Strukturert og tverrfagleg oppfølgingsteam» i regi av Helsedirektoratet der målet er tidleg identifisering og systematisk arbeid kring brukarar som har store og samansette behov. Gjennom prosjektet er målet at ein skal identifisere dagens praksis for denne gruppa samt designe nye tenester der personar med store og samansette behov for strukturert og tverrfagleg oppfølging.

  • Du vil få utfordrande og varierte oppgåver i eit sterkt fagleg miljø
  • Høve for utvikling og vidareutdanning
  • Trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kommunen er framoverlent og utviklingsorientert
  • Gode rammer og moglegheit for innovasjon
  • Gode stipendordningar
  • Trygge og gode oppvekstvilkår for familiar
  • Du som kjem flyttande til Suldal kommune får rett til barnehageplass utanom barnehageopptaka

Utvikling innan helse og omsorg

I Suldal er me framoverlente og framtidsretta når det gjeld å nytte velferdsteknologi. Dei neste åra skjer det svært mange spennande ting innan omsorgstenestene våre. Me skal byggje nytt demenssenter og somatiske plassar på institusjon, rusta for framtida og møte dagens krav til funksjonalitet. Suldal heimeteneste har allereie blitt styrka slik at me kan tilby heimebaserte tenester døgnet rundt.

Suldal kommune er med i ulike spennande satsingar:

  • Strukturert og tverrfagleg oppfølgingsteam
  • Betre tverrfagleg innsats for barn og unge
  • Velferdsteknologinettverket på Haugalandet

Kor finn du ledige stillingar?

Ledige stillingar blir fortløpande lyst ut på heimesida vår her.

Har du spørsmål knytt til korleis det er å jobba innan helse og omsorg kan du ta kontakt med Elin som er rådgjevar i stab helse og omsorg.

Helsing frå kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik

 Person - Klikk for stort bileteGrethe Jæger AnglevikMe har behov for din kompetanse og vil gjerne ønskja deg velkomen som søkjar til stillingar innan helse- og omsorg. Saman vil me lage gode helse- og omsorgstenester for våre innbyggjerar i Suldal. Du vil få ein spennande jobb med moglegheit for utvikling, og "knakande" kjekke kollegaer. Ta kontakt med Elin eller meg. 

Helsing Grethe

    

Grethe Jæger Anglevik
Kommunalsjef - Helse
Telefon 52 79 22 72
Mobil 979 71 600
Elin Mikkelsen Bakka
Rådgjevar helse og omsorg /Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 52 79 22 78
Mobil 476 52 609