Jobb i Suldalsskulane

Me ønskjer lærarar som vil motivera, rettleia og støtta elevane til å utnytta sitt potensial og bli den beste versjonen av seg sjølv.

Suldalsskulen har omtrent 500 elevar og 70 lærarar fordelt på 7 skular og oppvekstsenter.

Suldalsskulen er framtidsretta

Me tilbyr lærarane våre ein aktiv og trygg arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling.


Alle skulane i Suldal er med i ei stor digital satsing der alle elevane frå hausten 2019 får kvart sitt læringsbrett som digital støtte i opplæringa. Alle lærarar vil få opplæring i god bruk av læringsbrett i undervisninga til beste for elevane sitt læringsutbyte.

Me satsar på våre lærarar og derfor er kompetanseheving i form av både etter- og vidareutdanning viktig. I tillegg til å prioritera søkjarar til den nasjonale støtteordninga Kompetanse for kvalitet er det er mogleg å søkje AMU (arbeidsmiljøutvalet) om støtte til vidareutdanning.

Visjon

Mål for kunnskapssamfunnet Suldal kommune:


Alle barn og unge i Suldal opplever læring og meistring i eit trygt og inkluderande miljø kvar dag.
 

Lærarar i arbeid - Klikk for stort bileteLærarar i arbeid   

Kvifor bør unge lærerar søkja seg til Suldalsskulen?

  • Suldal er ein kommune som satsar på skule. Me har politikarar som er engasjerte i og oppteken av at opplæringa i skulane skal vere av god kvalitet.
  • Suldalsskulen jobbar med skulebasert kompetanseutvikling, dvs. alle tilsette skal vere involvert i og delta i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass.
  • Suldalsskulen er framtidsretta
  • Suldalsskulen set eleven i sentrum.
  • Suldalsskulen har fleire spanande satsingar, mellom anna læring med digital støtte.
  • Du vil få utfordrane og varierte oppgåver i eig sterkt fagleg miljø
  • Du vil få høve for utvikling og vidareutdanning
  • Du vil koma til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kommunen er framoverlent og utviklingsorientert
  • Det er gode rammer og moglegheit for innovasjon
  • Suldal kommune har gode stipendordningar
  • I Suldal kommune er det trygge og gode oppvekstvilkår for familiar med rett til barnehageplassar

Utvikling i Suldalsskulen

  • Inkluderande barnehage- og skulemiljø
  • Digital satsing med læringsbrett
  • Betre Tverrfagleg Innsats

Kor finn du ledige stillingar?

I februar-mars kvart år kjem ei felles utlysing av ledige lærar-stillingar i skulane i Suldal.
Kvar av skulane søkjer også etter lærarar ved behov i løpet av skuleåret. 

Dersom me har ledige stillingar finn du dei her.

Om du lurer på korleis det er å jobba i Suldasskulen, kan du kontakta Britt Elin som er rådgjevar i Stab oppvekst. 

Helsing frå kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde

Person - Klikk for stort bileteIngebjørg Rullestad Gjerde  

Ønskjer du ein meiningsfull jobb? Ønskjer du ein jobb kor du kan gjera ein skilnad? Me er på jakt etter lærarar som ønskjer å jobba med morgondagens heltar, der me har rom for alle, men blikket for den enkelte. Velkommen til oss

Helsing Ingebjørg

 

Ingebjørg Rullestad Gjerde
Kommunalsjef - oppvekst
E-post
Telefon 52 79 22 81
Mobil 416 92 867
Britt-Elin Håranes
Rådgjevar skule
E-post
Telefon 52 79 22 67
Mobil 404 82 226