Jobb i Suldalsbarnehagane

Me ønskjer å styrka pedagogtettleiken i Suldalsbarnehagane, og ser etter barnehagelærarar som har rom for alle, og blikk for den enkelte. Dersom du i tillegg har vidareutdanning innan spesialpedagogikk – er me særleg interessert i å ta ein prat med deg.

I Suldalsbarnehagane er det ca. 220 barn fordelt på 7 barnehagar.

Me har unike barnehagar

Me tilbyr barnehagelærarane våre ein aktiv og trygg arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Alle barnehagane er unike, med kvar sine styrker – og alle er del av kvart sitt utvikllingsløp. Suldalsbarnehagane er fagleg oppdaterte barnehagar.  Alle er blant anna «Være sammen barnehagar», som jobbar etter den autoritative pedagogikken.

Barnehagane har lærande møter, og du som tilsett får engasjera deg på  ein aktiv måte.   

Me satsar på barnehagelærarane våre og derfor er kompetanseheving i form av både etter- og vidareutdanning viktig. I tillegg til å prioritera søkjarar til den nasjonale støtteordninga Kompetanse for kvalitet er det er mogleg å søkje AMU (arbeidsmiljøutvalet) om støtte til vidareutdanning.

Visjon

 

Mål for kunnskapssamfunnet Suldal kommune: 

Alle barn og unge i Suldal opplever læring og meistring i eit trygt og inkluderande miljø kvar dag.

To tilsette på arbeid - Klikk for stort bileteTilsette i drøs 

Kvifor bør du som er barnehagelærar søkja deg til Suldalsbarnehagane?

  • Suldal kommune arrangerer «Me bryr oss konferansen» kvart år. Suldal er ein BTI-kommune, som jobbar for betre samhandling for barn, eller i ein familie. Hjå oss blir du rusta til å bry deg på ein trygg og god måte.
  • Heile oppvekstområdet satsar på digitale verktøy og digital kompetanse. Barnehagane går inn i ei digital tid, du kan vera med i denne utviklinga. Suldalsbarnehagane er framtidsretta.
  • Suldal kommune jobbar med leiarutvikling, alle leiarane jobbar med utviklande leiarskap, slik at du som tilsett skal få nytta ditt fulle potensiale, vera trygg og bli sett.
  • Suldal har 7 barnehagar, ei i kvar av kommunen sine 7 grender. Det er difor stor sjans for at du kan jobba nær heimen din.
  • Du vil få utfordrane og varierte oppgåver i eig sterkt fagleg miljø
  • Du vil få høve for utvikling og vidareutdanning
  • Du vil koma til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kommunen er framoverlent og utviklingsorientert
  • Det er gode rammer og moglegheit for innovasjon
  • Suldal kommune har gode stipendordningar
  • I Suldal kommune er det trygge og gode oppvekstvilkår for familiar

Du som kjem flyttande til Suldal kommune får rett til barnehageplass utanom barnehageopptaka.

Utvikling i Suldalsbarnehagane

  • Inkluderande barnehage- og skulemiljø
  • Digital satsing i barnehagane
  • Betre Tverrfagleg Innsats

Satsing gjennom regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, med tema pedagogisk leiing

Kor finn du ledige stillingar?

I mars og september kvart år kjem ei felles utlysing av ledige barnehagelærarstillingar i Suldalsbarnehagane. Kvar av barnehagane søkjer også etter barnehagelærarar ved behov i løpet av året.

Dersom me har ledige stillingar finn du dei her.

Om du lurer på korleis det er å jobba i Suldasbarnehagane, kan du kontakta Elisabeth Bjørkhaug som er rådgjevar i Stab oppvekst.

Helsing frå kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde

Person - Klikk for stort bileteIngebjørg Rullestad GjerdeEr du på jakt etter ein meiningsfull jobb? Ønskjer du ein jobb der du kan gjere ein skilnad? Då kan du vere den rette for oss.

I Suldal ønskjer me oss barnehagelærarar som har rom for alle, men blikket for den enkelte. Velkommen til oss.

Helsing Ingebjørg

Ingebjørg Rullestad Gjerde
Kommunalsjef - oppvekst
E-post
Telefon 52 79 22 81
Mobil 416 92 867
Elisabeth Bjørkhaug
Rådgjevar - barnehage
E-post
Telefon 52 79 23 81
Mobil 984 94 300