Er du vår nye kommunedirektør?

Me søkjer ein nyskapande og samarbeidsorientert leiar som i godt samspel med politikarar, tilsette, tillitsvalde og lokalt næringsliv skal arbeida for vidare utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane våre

Søknadsfrist er 30.08.20.

Den nye kommunedirektøren er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar. Me ynskjer ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.

Suldal er ein veldriven kommune med godt økonomisk handlingsrom og  engasjerte innbyggjarar. Den nye kommunedirektøren vil ha ei pådrivarrolle for å vidareutvikla organisasjonen og gjera kommunen endå meir attraktiv for næringslivet  og innbyggjarane.

Kjennskap til samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad. Gode kandidatar har relevant høgare utdanning, økonomisk innsikt, relevant leiarerfaring og kjennskap til offentleg  forvalting. Erfaring frå offentleg sektor vil vera ein fordel, men brei leiarerfaring frå privat sektor, kombinert med kjennskap til kommunale oppgåver, kan og vera ein god bakgrunn. Vår nye kommunedirektør er målretta, utviklingsorientert og kan visa til god erfaring i å leia endringsprosessar.

Les heile stillingsannonsa og søk på stillinga her

Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037