Helse- og omsorgstenester

For trygd og sosiale tenester kontakt NAV

Suldal kommune yter tenester til ulike grupper innan omsorg, rehabilitering og helse.


 

Målsetjing:
Suldal skal ha eit forsvarleg og godt pleie - og omsorgstilbod tilpassa den einskilde brukar i samsvar med vedteken helse- og sosialpolitikk.
 
Helse som eining omfattar legekontor med laboratoriet, helsestasjon med familierettleiar og jordmorteneste, helsestasjon for ungdom, kreftsjukepleiar og fysioterapiavdeling.
 
Suldal sjukeheim har avdeling for demente, korttids- og avlastingsplassar. Langtidsplassar for behandlingskrevjande brukarar, dag- og nattplassar.
 
Heimetenesta gir helsehjelp og praktisk bistand i heimane, omsorgsbustadar og bufellesskap. Matombringing og dagtilbod. I tillegg gir dei tenester innan tiltak for funksjonshemma og psykisk helse.
 
Bestillarkontoret gir deg som har behov for pleie- og omsorgstenestene svar på spørsmål, hjelp til søknad, informasjon om tenestene og rettleiing. 
Publisert av Ole Rasmus Owe. Sist endra 06.03.2015

Kontakt

Grethe Jæger Anglevik
Kommunalsjef
52792272

Se også

Tenester (1)
Fil (1)
padlock